Velkommen heim, Even!

Even Hovland (36) returnerer til Sogndal og Sogndal Fotball frå 2026.

Inn i jubileumsåret 2026 er klubben kjempeglad for å få Even heim og bidra inn i ein spennande sesong. Even har signert avtale ut 2028 og gler seg til å komme i gong: 

- Eg har valt å ta turen tilbake til Sogndal no for å prøve å hjelpe laget og klubben opp igjen på det høgste nivået i Noreg. Lysta og gleda med fotballen er framleis sterk og eg har framleis ønskje om må få til noko stort. Eg tek med meg mykje erfaring frå klubbar eg har spelt for, både i Noreg og i utlandet. Det er erfaringar som eg håpar å kunne bruke til å hjelpe dei yngre talenta som kjem opp og vise kva som krevst for å ta steget vidare ut i fotballverda. 

Trenar Luis ser fram til å få kvalitetane til Even inn i spelargruppa: 

- Å signere Even har ein dobbel effekt sportsleg sett. Me får ein spelar som hjelper alle rundt seg til å forstå referansane frå toppnivået og det som trengst for individuell utvikling. Samtidig også ein person med kvalitetar som kan ha ei avgjerande rolle for laget sine prestasjonar. Denne signeringa sender eit sterkt signal til våre supporterar og samarbeidspartnarar om vårt ambisjonsnivået. Me set lista høgt og jobbar hardt for å oppnå det. 2026 kunne ikkje ha starta på ein betre måte! 

Even er på plass i Sogndal til oppstart i januar, og me kjem tilbake med intervju når han er på plass. Velkomen heim! 

STAO NO PAO! 

Annonse fra Obos-ligaen: