Velkommen Lars Larsson Jendal!

Sogndal Fotball og HamKam Fotball er samde om ein overgang for Lars Larsson Jendal!

Sogndal Fotball og HamKam Fotball er samde om ein overgang for keeper Lars Larsson Jendal, f. 24. april 1999! Avtalen strekkjer seg ut 2026-sesongen.

Lars har vore HamKam-spelar i heile si profesjonelle karriere. Han har spelt for både G14, G16 og G19 i klubben, og fekk etter kvart debuten for A-laget. I 2018 reiste han på lån til Nybergsund og fekk 25 kampar i PostNord-ligaen. Året etter gjekk turen til Asker på eit nytt lån. Her vart det 13 kampar i PostNord-ligaen og retur til HamKam etter sesongen. I 2020 var han fyrstekeeper for HamKam i OBOS-ligaen, og spelte mot oss på Fosshaugadn. Eit nytt utlån venta i 2021 når han reiste sørover til Arendal og PostNord-ligaen. I 2022 tok HamKam steget opp til Eliteserien og Lars fekk prøve seg på landets øverste nivå. På to sesongar i Eliteserien vart det 15 kampar og 5 kampar i cupen. No går turen til Saftbygda på ein permanent overgang. 

Lars trenar med laget for fyrste gong i dag klokka 12. No er han klar til å kome i gang med oppkøyringa og ser fram til å spela på Fosshaugadn:

- Det føles veldig bra å koma til Sogndal. Anlegget ser meget bra ut, og eg gler meg til å spela her. Det er godt å få ein permanent overgang, og eg føler det var riktig for karriera mi no.

Håvard Flo er nøgd med å få avtalen i hamn:

- Det har vore ein fin prosess med både spelar og klubb, og me er særs nøgd med å få med Lars på laget. Me har brukt litt tid, men no er avtalen endeleg i boks. Me håpar å få mykje ut av Lars den kommande tida.

Me ønskjer Lars velkommen til Sogndal og gler oss til å sjå han i aksjon! Intervju med vår nye keeper kjem seinare.

STAO NO PAO! 

Annonse fra Obos-ligaen: