Velkommen Martin Høyland!

Sogndal Fotball og Sarpsborg 08 er samde om ein overgang for Martin Høyland!


Sogndal Fotball og Sarpsborg 08 er samde om ein overgang for midtbanespelar Martin Høyland, f. 17. september 1995! Avtalen strekkjer seg ut 2026-sesongen.

- Fyrsteinntrykket av Sogndal er veldig bra. Eg har jo vore her fleire gongar som spelar for andre lag, og har alltid likt meg her. Det er ein fantastisk plass med flott natur. Idyllisk. Det er mange fine folk som har tatt meg godt i mot, og eg føler meg velkommen. Fine folk, fin stad og ein fin klubb som spelar fin fotball. Eg trur dette blir veldig bra!

Martin er ein hardtarbeidande midtbanespelar med stor motor. Han har sin største styrke i det defensive spelet med god fysikk og kraft. I tillegg til å vera ein god ballvinnar og ryddegut med defensive kvalitetar, har han også gode ferdigheiter med ball i beina. Når han får moglegheita offensivt kan han også scora mål. Martin har mykje rutine frå ei innhaldsrik fotballkarriere, og står med 37 kampar i Eliteserien for Sarpsborg 08 og Stabæk!

Martin byrja karriera i sørlandsklubben Våg frå Vågsbygd i Kristiansand. Karriera forsatte i Vigør der han spelte 5 seniorkampar, og ein sesong på G19 nivå. Vidare gjekk vegen til Vennesla og Vindbjart FK. Etter to sesongar der reiste han tilbake til Vigør og fekk 14 kampar i 3. divisjon før Grorud henta han til PostNord-ligaen. I hovudstaden vart det sportsleg suksess og gjennombrot for vår nye midtbanespelar. 

I Grorud tok han store steg og vart etter kvart ei viktig brikke i laget som rykka opp til OBOS-ligaen i 2019. 2020-sesongen vart klubbens fyrste på landets nest øvste nivå, og dei sikra fornya kontrakt i divisjonen. Saman med namn som Oscar Aga, Christos Zafeiris og Elias Hagen fekk Grorud stor merksemd, og i tv-serien "Grorud Underdogs" på tv2 kunne ein følgje dei tett. Martin gjorde det så godt at Stabæk henta han til Eliteserien i august 2021.

Ein halv sesong i Stabæk ga han 8 kampar i Eliteserien, men det enda diverre med nedrykk til OBOS-ligaen. Då viste Sarpsborg 08 interesse, og Martin bytta ut blått og svart med blått og kvitt. Etter to sesongar i Sarpsborg 08, og til saman 37 kampar på landets øvste nivå blir han no svart og kvit!

DSC01925.JPG
Martin Høyland er på plass!
Foto: Martin Salbu

Håvard Flo er ein nøgd mann etter denne signeringa:

- Det er godt å ha Martin på plass etter at me over tid har jobba med å få dette til. Det var viktig både for Martin og oss at me fekk eit godt kjennskap til kvarandre før avtalen gjekk i boks. Det var viktig for Martin å kome til ein klubb der han får meir speletid under beltet og ei sentral rolle. Prosessen har vore god både med spelar og klubb, men då Martin er ein høgt respektert spelar i Sarpsborg trengte det litt modning for alle partar. Martin har etter kvart opparbeida seg mykje erfaring på toppnivå, og me håpar at han blir ein markant spelar på vår midtbane. Martin har stor forflytningsemne og er klok med ball. Han har mange av kvalitetane me ser etter i vår midtbane.

Martin kom til Sogndal i går og gjennomførte dei siste detaljane før signaturen var på plass:

- Grunnen til at eg valgte Sogndal er totalpakka. Når eg kom på besøk her og ser fasilitetane, dei er heilt fantastiske, og praten eg hadde med folka i klubben. Eg kjente meg veldig ønska, og føler at eg kan bidra her. I tillegg spelar Sogndal ein veldig fin fotball, og det er ein attraktiv stad å spele.

Kva spelartype er du? 

- Eg ser på meg sjølv som ein midtbanespelar som gjennom karriera har vore ein typisk defensiv midtbanespelar. Dei siste åra har eg også utvikla meir offensive kvalitetar og blitt ein boks-til-boks midtbanespelar. Eg kan gå på offensive løp, og dekkar mykje rom med stor løpskapasitet og arbeidsmoral.

Håvard Flo vil også takke Sarpsborg 08 for samarbeidet:

- I prosessen med å få dette til vil me takke Sarpsborg 08 for å vera løysingsorienterte inn mot ein overgang mellom klubbane. Dialogen har vore god heile vegen.

Me er veldig glade for at Martin er på plass i Sogndal og ønskjer han hjarteleg velkommen til Saftbygda!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: