Velkommen Oliver Hintsa!

Sogndal Fotball og Falkenbergs FF er samde om ein overgang for Oliver Hintsa!


Sogndal Fotball og Falkenbergs FF er samde om ein overgang for den svenske angrepsspelaren Oliver Hintsa, f. 1. januar 2001! Avtalen strekkjer seg ut 2025-sesongen.

Oliver er ein 23 år gamal angrepsspelar frå Sverige som kan brukast som både kantspelar og spiss. Han byrja karriera si i Halmstads BK i Sverige. I løpet av perioden i Halmstads BK gjekk turen på lån til Tvååkers IF. Dei siste tre sesongane har han spelt for Falkenbergs FF på nivå 3 i Sverige. No er han klar for å ta steget vidare i karriera, og får sin fyrste overgang til ein klubb utanfor Sverige.

Korleis er det å reise til ein klubb utanfor Sverige for fyrste gong?

- Det kjennes bra. Det er verkeleg eit eventyr. Eg har alltid budd heime, og no får eg komme meg ut av komfortsona og testa noko nytt. Det skal bli bra, eg gler meg veldig mykje.

Kva er dine styrkar som fotballspelar?

- Power, speed, avsluttar. Eg likar å komma til skot, og trekka inn i boks. Ja, det er meg. 

Kan du fortelja oss litt om deg sjølv?

- Eg brukar mykje tid på fotballen. Eg har ein kjærast som flyttar med meg til Sogndal. Så har eg ein veslebror som har spelt ein halv sesong i 2. divisjon i Norge [Notodden]. Eg likar å bruka tid med mamma og pappa og hundane. No er det eg og kjærasten min som flyttar til Sogndal, og det skal bli kjekt.

Håvard Flo er særs nøgd med å få signert Oliver:

- Me er særs glade for at Oliver har kome til oss. Oliver er etter kvart ein erfaren spelar som har mykje av kvalitetane me ønskjer. Hans hurtigheit og moral vil vera eit godt supplement til dagens tropp. Etter aukande interesse rundt Oliver var no tida inne for å ta steget ut til nye eventyr. Me er glade for at valet falt på Sogndal.

Me ønskjer Oliver velkommen og gler oss til å sjå han i kvitedrakta allereie på laurdag mot Bjarg!

STAO NO PAO!

 

Annonse fra Obos-ligaen: