Velkommen Onni Helén!
Onni Helén er vår nyaste signering! A-laget
Sogndal Fotball og angrepsspelar Onni Helén, f. 19. januar 2006 er samde om ein avtale! Den finske landslagsspelaren har signert ei avtale som strekkjer seg ut 2028-sesongen!
Onni Helén er ein finsk spiss som kjem frå TPS på nivå 2 i Finland. Det er same klubben som Tuomas Pippola kom frå i sommar, og denne sesongen har dei vore med å rykke opp til det øvste nivået i Finland. I årets sesong leverte Onni 14 mål og 14 målgivande pasningar på 26 kampar i serien. Det gjorde at han enda på 2. plass på toppscorarlista i ligaen, og på 1. plass over målgivande. Onni er ein spiss med mykje målinvolveringar i seg, og ein viktig bidragsytar til mange av måla er allereie på plass i Sogndal.
Tuomas Pippola signerte for Sogndal i august i år, og kjenner vår nyaste signering betre enn dei fleste. Dei kjem begge frå den finske byen Turku i sør-vest Finland, og Turun Palloseura (TPS) er barndomsklubben. Sjølv om det er to år mellom dei har dei spelt saman både for TPS og for det finske U21-landslaget. Mange av måla denne sesongen har kome etter kombinasjonar frå den finske duoen, og kanskje blir det ein hit også på Fosshaugadn!

Luis Pimenta fortel om ein målfarleg spiss:
- Onni er ein spelar med eit enormt potensiale. Han er veldig god i boksen, og har god tilstedeverelse framfor målet. Dette er kvalitetar me har leita etter og som vil komplementere dei angriparane me har i stallen på ein god måte. Me trur at han kan ta store steg ved å trene og spele på eit høgare og meir profesjonelt nivå. Når han får jobba med det fysiske og blir kjend med vår spelmodell meiner me at me har funne ein utruleg god og målfarleg spelar, noko 36 målpoeng i 2025 vitnar om.
Onni Helén vart oppdaga då ein såg på Tuomas Pippola før i år, og utover hausten har ein fulgt han tett:
- Når me såg på Tuomas oppdaga me også Onni. Det var litt sånn at "den spissen her er også interessant for oss". Då bestemte me oss for å fortsette å følge med på han. Det er også greit å nemne at Onni og Tuomas er bestevennar, og at det kan bli ei fin greie for begge to. Tuomas har tilpassa seg Sogndal veldig bra, og vil no få endå meir tryggleik. I tillegg vil det kjennast tryggare for Onni og bli enklare å tilpasse seg ein ny plass.
Pimenta fortel også at signeringa er i tråd med klubben sin strategi om å hente lovande spelarar og utvikle dei til potensielle inntekter for klubben:
- Det er viktig å understreke at han er landslagsspelar på U21 i Finland. Det er i ei retning me ønskjer, altså å utvikle spelarar for eit høgare internasjonalt nivå. Forhåpentlegvis kan me hjelpe Onni å utvikle seg slik at han får ta nye steg i karriera, samtidig som at markedsverdien aukar og klubben kan gjere eit godt sal i framtida.
- Eg vil også skryte av klubben som har klart å få til denne overgangen, og for at ein har klart å signere han utan overgangssum. Det er bra gjort, legg han til.
- Det har vore konkurranse frå andre klubbar internasjonalt, og difor ein krevjande case. Me er glade for at me no har lukkast med å få Onni til bygda, og det vitnar om at produktet vårt er meget interessant, fortel ansvarleg for spelarlogistikken, Håvard Flo.
Onni kjem til Sogndal i januar, og me kjem tilbake med intervju når han er på plass. Velkommen til Sogndal!
STAO NO PAO!