Velkommen på laget, Andreas!

Andreas Nydal kjem inn som ny ressurs i administrasjon i Sogndal Fotball frå 1. januar.

Andreas Nydal, f. 2002, skal styrke laget vårt på arrangement og på kommunikasjon mot våre medlemmar og frivillige. Han har erfaring frå Skeid Fotball innan administrasjon, kamparrangement og breiddearrangement, og som trenar for aldersbestemte lag. I tillegg har han utdanning i Sport Management frå Høgskolen i Molde. 

Han er oppvaksen i Førde, har gått idrettsfag ved Flora VGS og bur no i Sogndal i samband med studie. Frå 1. januar går han inn i ei 100 % stilling i Sogndal Fotball. 

Andreas har stor interesse for fotball, klubbdrift og idrettsleiing, og eit ekte engasjement for fotballen og idretten sitt samfunnsansvar: 

- Eg gler meg til å få prøve meg for fullt i Sogndal Fotball. At det nettopp vart Sogndal Fotball betyr mykje då dette er laget både eg og familien held med. Eg trur kommande år vert både utfordrande og lærerik, og at eg kan vekse i rollen over tid. No ser eg fram til å bli kjent med både kollegaer og frivillige i og rundt klubben, og til å komme i gong med arbeidet når 2026 er i gong. 

Me ser fram til å få Andreas med på laget! 

Eventuelle spørsmål kan rettast til konstituert dagleg leiar Ingrid Narum, tlf. 926 01 421. 

STAO NO PAO! 

Annonse fra Obos-ligaen: