Velkommen Preben Asp!

Sogndal Fotball og Grorud IL er samde om ein overgang for Preben Asp!

Sogndal Fotball og Grorud IL er samde om ein overgang for angrepsspelar Preben Asp, f. 13. juli 2002! Avtalen strekkjer seg ut 2028-sesongen.

- Sogndal er ein klubb eg føler meg veldig ønska av, og dei spelar ein fin fotball som passar meg bra, fortalde Preben etter at avtalen var signert.

Preben Asp er ein 23 år gamal spiss som kjem frå Steinkjær. Han byrja karriera si i barndomsklubben Egge IL, og har også spelt for både Steinkjær, Kristiansund, Ranheim og Levanger på vegen mot toppfotballen. I 2022 spelte han 23 kampar for Levanger i PostNord-ligaen, og i sin fyrste sesong på seniornivå scora han 13 mål. Året etter var han med på opprykk til OBOS-ligaen, og han spelte 17 kampar for eit suverent Levanger-lag. Turen gjekk deretter vidare til Grorud og ein ny sesong på nivå 3 i norsk fotball.

I Osloklubben løysna det verkeleg framføre målet, og vår nye spiss leverte ein historisk sesong for dei gule og blå. På 26 kampar i PostNord-ligaen scora han heile 27 gonger. Det har ingen spelar gjort før han i andredivisjon etter at det vart lagt om til to avdelingar i 2017. I årets sesong har han halde fram med å score, og etter totalt 11 kampar i serie og cup har han scora 8 mål. Eit av dei kom i cupkampen mot Lillestrøm, og no blir det eit nytt møte med kanarifugla i september. Sjølv fortel han at fjoråret handla mykje om tillit og spelargruppa i Grorud:

- Det vart full klaff det. Eg fekk god tillit og var ein del av ei gruppe som var som ein familie. Det kunne ikkje gått mykje betre, og eg trur det handlar mykje om at eg fekk den tilliten. Det var sjølvsagt veldig kjekt.

Luis Pimenta fortel om ein spiss som er målretta, hardtarbeidande og målfarleg:

- Preben er ein målfarleg spiss. Det er sjølvsagt veldig imponerande å sette scoringsrekord i PostNord med 27 mål på 26 kampar. Det viser kor målretta og målfarleg han er, og me meinar at han har karakteristikkar som passar spelmodellen vår veldig godt. Preben lever i spelet, og lever for å score mål. Han veit at han kan få den siste berøringa og bryte framfor for å score, og han er veldig våken i boksen. Det er ein fantastisk eigenskap for ein spiss. Me trur han kan fungere bra i eit spisspar med ein 10ar bak seg, så me er veldig nøgd med å ha Preben på plass.

Pimenta fortel vidare om god dialog i forkant av overgangen, og at han har fått ein bra inntrykk av vår nye spiss:

- Me hadde eit møte med han der me diskuterte dei tinga me synst han må forbetre, fordi me må hugse at han er 23 år gamal og har eit enormt potensiale. Me ønskjer å hjelpe han til å nå potensialet sitt. Han verkar som ein ydmyk og hardtarbeidane fyr, som var klar for å kome hit og jobbe hardt for eiga utvikling og for laget. Det passar vår gruppe veldig fint.

Preben fortel sjølv om gode samtalar med Luis i forkant av overgangen:

- Luis trengte ikkje mange telefonsamtalar på å overtale meg til at han er ein som har peiling. Han framstår som ein veldig dyktig fagmann rett og slett. Den offensive spelestilen trur eg passar meg som hand i hanske, og så handlar det om å vere på rett plass til rett tid. Forhåpentlegvis klarar eg det både i år og i åra framover.

- Eg likar meg best i motstandaren sin boks, og det er der eg scorar dei fleste måla mine. Eg er nok fyrst og fremst ein målsnik som kjem til gode sjansar, og eg har ein god timing i spelet mitt, legg han til.

Preben er speleklar allereie til morgondagens kamp mot Skeid, og debuten kan altså kome om under eit døgn. Han fortel at han gler seg til å kome i gang, og at det blir spennande å få ta steget opp til OBOS-ligaen:

- Det blir veldig spennande å få prøve seg i OBOS-ligaen. Eg har venta på moglegheita, og no kjennest det riktig både med klubbval og timing. Det er ikkje til å legge skjul på at det er eit steg opp, men eg har tru på at det kjem til å klaffe.

Me ønskjer Preben velkommen til Saftbygda, og gler oss til å sjå han i aksjon!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: