Velkommen Rasmus Holten!

Sogndal Fotball og SK Brann er samde om ein utlånsavtale for Rasmus Holten

Sogndal Fotball og SK Brann er samde om ein utlånsavtale for midtstoppar Rasmus Holten, f. 20. februar 2005. Avtalen strekkjer seg ut 2025-sesongen.

Rasmus Holten er ein talentfull midtstoppar som har mykje internasjonal erfaring frå landslag. Med sin gode fysikk er han verkeleg ein tøff spelar å møte, og den 1,95 meter høge midtstopparen har allereie blitt eit kjent namn. Rasmus har også spelt for Luis Pimenta tidlegare, då han har vore fast inventar i det suksessfulle landslaget til  vår noverande hovudtrenar. I fjor sommar var dei i EM med Norge G19, og kvalifiserte seg til VM i Chile seinare i år. Luis er no som kjent Sogndaltrenar, men Rasmus skal spele VM, og i mellomtida får me sjå han spele i svart og kvitt!

Foto henta frå Equinor Landslagsskule på Facebook
Foto henta frå Equinor Landslagsskule på Facebook

Rasmus har vore Brannspelar dei siste sesongane, men han har også vore på utlån til Mjøndalen og OBOS-ligaen for verdifull speletid. I 2023 spelte han 15 kampar i serien, og på eit nytt lån i 2024 fekk han også 15 kampar. I år har han spelt 11 kampar for A-laget til Brann, men no går turen til Sogndal for å konkurrere om meir speletid ut sesongen.

I slutten av september skal Rasmus spele U20-VM for Norge. Turneringa blir arrangert i Chile, og strekkjer seg potensielt til 19. oktober om Norge skulle gå heile vegen. Me gler oss til å følgje med!

Rasmus har allereie slutta seg til troppen, og er speleklar frå og med i morgon. Me gler oss til å sjå han i svart og kvitt, og håpar det kan bli ein bra haust for både Sogndal og Norge!

STAO NO PAO!

Foto: Ramsey Cardy - Sportsfile/UEFA via Getty Images

Annonse fra Obos-ligaen: