Velkommen Tuomas Pippola!

Sogndal Fotball og TPS er samde om ein overgang for Tuomas Pippola!

Sogndal Fotball og TPS er samde om ein overgang for midtbanespelar Tuomas Pippola, f. 12. oktober 2004! Avtalen strekkjer seg til august 2028.

Tuomas Pippola er ein finsk midtbanespelar som kjem frå TPS på nivå 2 i Finland. Han kan spele sentralt på midtbana, og har offensive kvalitetar som gjer at han også kan spele lenger fram i bana. I årets sesong har scora 10 mål og slått 4 målgivande pasningar frå midtbaneposisjon. TPS leiar serien etter to tredelar av sesongen, og kjempar om opprykk til det øvste nivået. Det blir utan Tuomas som held fram karriera i Saftbygda!

Overgangen er i boks, papira er signert og den medisinske testen er gjennomført. Tuomas kjem allikevel ikkje til Sogndal før måndag 11. august, og me må altså vente nokre kampar før me får sjå han i aksjon. Me kjem tilbake med meir om vår nye midtbanespelar på eit seinare tidspunkt!

Kjøp billett til Sogndal - Hødd!

STAO NO PAO!

Foto: Tiina Pirilä/TPS og Rabbit Visuals/TPS

Annonse fra Obos-ligaen: