Vellukka fotballsamling for Sogndal United

På laurdag vart det delt ut både gule og raude kort, men gjengen frå Sogndal United tok det med eit smil og glimt i auge.

- Wohoo!, jublar Jan Egil Fimreite. Han har akkurat skåra eit av mange praktfulle mål på laurdagens fotballsamling med Sogndal United. Karen frå Vik har vore fast med Sogndal United sidan 2006 og er ein av dei mest rutinerte. På spørsmål om kor mange mål han har skåra i dag er han kjapt ute;

- Nei, det mål vel ha blitt 15-20 mål om eg ikkje tek heilt feil. Det er moro å spele fotball, og ekstra moro å skåre mål, fortel Fimreite.

Sogndal United nov 2017 Jan Egil Fimreite
Jan Egil Fimreite jublar etter nok ein skåring

To ganger i året arrangerer Sogndal United fotballsamling for personar rundt om i regionen. ”Fotball for alle” står høgt i fokus, og på samlinga får deltakarane god innføring i øvingar som pasningar, skot og føring av ball. Leiar Iren Norheim kan fortelje at på samling ynskjer ein kvalitet på dei ulike treningsøvingane, samstundes som det er viktig at alle opplever meistring.

- Dette er heilt topp! I dag er me ein god gjeng på 8 deltakarar som er samla og har det gøy i lag. Me har gleda oss lenge til samling, og denne positive oppleving kan me leve lenge på utover hausten, fortel Norheim.

- Men me har plass til enda fleire på samling, og ein treng ikkje ha spelt fotball før for å vere med. Her er både jenter, guter, kvinner og menn velkomene til å vere med, fortel Norheim.

Sogndal United nov 2017 Eirik Skaasheim raudt kort
Eirik Skaasheim pådrog seg raudt kort under øktas spelsekvens. Dagens dommar hadde full kontroll.

Ein av nykommarane på laurdagens samling er Heidi Marie Alme (17 år) som har gleda seg lenge.

Alme og Totland kjører en god "dab"
Alme og Totland kjører en god "dab"

- Samlinga i dag har vore heilt tipp topp, og så er det så kjekt når alle kan vere med, seier Alme.

- Eg har ikkje spelt mykje fotball før, men dette var moro. Og så er det jo så gøy å skåre mål, fortel ein smilande Alme.

- Men no begynnar eg å bli sliten, så det skal bli godt med noko mat, fortel Alme.

Alme kan også røpe at hennar favorittspelar er Lionel Messi, og at katten heime også har fått same namn som idolet.

A-lagsspelarar med på samling
For å heve nivået på samlingane er også nokre av spelarane frå Sogndal Fotball sitt A-lag med som instruktørar. Dei er ivrig med og kjem med gode tips og motiverande ord til deltakarane.

- Dette var utruleg gøy. Det er kjekt å spele fotball med dei som ikkje har dei same forutsetningane som ein sjølv, fortel Tomas Totland som er med som instruktør for første gang.

- Samholdet i gruppa er veldig bra og både smil og latter sit lett. Eg synes det er positivt at ein har eit slikt tilbod, og her kan alle vere med, fortel Totland.

Sjå bildegalleri frå dagen her:

Annonse fra Obos-ligaen: