
Vellukka trenarkurs i Sogndal Fotball
I går deltok 13 trenarar i Sogndal Fotball på Grasrot delkurs 1 Breiddefotballen
På sjølvaste 2. pinsedag samlast 13 ivrige trenarar i Flostova for teorigjennomgang med Aleksander Belland frå NFF Sogn og Fjordane, etterfulgt av praksis på treningsfelt og refleksjon. Det vart ein kjekk kveld med gode samtalar og servering av pizza.
Delkurs 1 er fyrste steg av fire moglege i Grasrottrenarutdanninga til NFF. Kurset rettar seg mot trening av barn, og skal bidra til å styrke kompetansen til dei ansvarlege for aktiviteten.





Etter ei tid utan, ønskjer Sogndal Fotball no å jamnleg tilby kurs og utdanning for å løfte trenarkompetansen i klubben. Trenarane som var til stades fekk god innføring og nyttige tips til korleis ein kan gjere treningsøktene meir effektive. Vonleg vil dette føre til fleire berøringar på ball og mindre dødtid på treningane. I tillegg til dette fekk trenarane tid til å reflektere og diskutere kvardagane for sine respektive lag.

Me vil også rette ei stor takk til G2014 som sporty stilte opp som objekt til praksisøkta.


Sportsleg leiar for breidden, Kristian Ask, har følgjande å seie om samlinga:
- Dette var over all forventning. Deltakarane på kurset stilte motivert og gav mykje av seg sjølve i møte med rettleiar og praksisobjekta. Eg håpar me kan få til meir av dette i framtida, og eg trur slike treffpunkt vil løfte tilbodet for vår viktigaste målgruppe, spelarane. Trenarane i Sogndal Fotball skal aldri undervurdere si eiga påverknadskraft til ein trygg og utviklande fotballkvardag. Tusen takk til alle som deltok!
STAO NO PAO!