Vi hentar Oskar Borgthorsson (19) frå Island!

Vi forsterkar laget med ein "potet" frå Island, han kan spele både sentral midtbane og venstrekant

Som nokre av dykk earlybirds kanskje har fått med dykk, så har me ein ny islendar på laget! Vi hentar den unge spelaren frå Fylkir, ein klubb han har vakse opp i sidan han var 5 år gammal. Fylkir er i toppdivisjonen i Island der den unge spelaren har fått vist seg fram med 5 skåringar og 4 målgjevingar så langt i sesongen. I tilegg har det unge talentet vore innom aldersbestemt landslag i Island. Han er no teke ut på U21 landslaget og står bokført med 2 kampar.

 

DD9BDB5B-3C7C-4257-A75D-C0073EDDC81C.JPG
Bilde er lånt av @jggsport

Sogndal fotball er utruleg glad for at Oskar er på plass i Sogndal, Håvard Flo og co har over tid følgt med på den unge spelaren. Islendaren har allereie fått mykje interesse rundt seg internasjonalt, så me er veldig fornøgd med at Oskar valde oss. Håvard fortel vidare om nysignerigna «Han er komt inn for å komplimentera stallen, han er ein spelartype som kjem til å skli rett inn i gruppa, og me gler oss til å sjå det unge talentet i Sogndal drakta!» Borgthorsson har skrevet under kontrakt som strekker seg ut året 2026

Ei spennande signering for trenarteamet vårt å utvikla vidare! Oskar er allereie på plass i Sogndal og har gjennomført medisinsk test med glans. Han er med på treninga til laget i dag, video intervju og presentasjon kjem i løpet av dagen.

324A4F62-5699-4ADF-8DFD-DCE01B376B6F 2.JPG
Oskar i aksjon for barndomsklubben Fylkir

Då er det berre å ønskja Oskar hjarteleg velkommen til Sogndal og Sogndal Fotball, ta godt i mot han!

Stao no pao
- Stay tuned..

Annonse fra Obos-ligaen: