Vidare i cupen etter cupdrama mot Lysekloster

Jonsson vart matchvinnar i 2. ekstraomgang

Det vart nervepirrande då me møtte Lysekloster til 2. runde i cupen på Lysekloster Family Arena i kveld.

Les fyldig kampreferat på Firdaliven

Det starta bra. Etter berre to minutt skåra Kristoffer Nessø, men heimelaget utlikna tre minutt etter. Me måtte ut i andre ekstraomgang før me fekk neste skåring, og ti minutt før full tid skåra me sigersmålet ved Jònatan Jonsson.

Dramaet var ikkje over. Isaac Twum fekk sitt andre gule kort for kvelden i det 114. minuttet, og heimelaget jakta utlikninga heilt til sluttsignalet gjekk.

Les kva trenar Tore André Flo sa til Sogn Avis etter kampslutt

Me er med det vidare i NM!

Sjå kampen i opptak på Sogn Avis

Annonse fra Obos-ligaen: