Vidare i cupen etter straffesparkkonkurranse!

Frøya ga oss kamp og innbyttar Lars Jendal redda avansement i straffesparkkonkurransen!

Det vart ei spennande avslutning på dagens kamp mot Frøya, og kampen enda 2-2 etter fulltid og ekstraomgangar. Då var det klart for straffesparkkonkurranse, og ein nervepirrande duell.

I den fyrste omgangen var det me som scora det fyrste målet. Mathias Øren og keeperen til Frøya traff kvarandre i ein duell i boksen, og dommaren dømte straffe. Då var det klart for at Daniel Arrocha tok turen fram. Frå straffemerket var han like sikker som tidlegare i sesongen og satte ballen enkelt i mål. Like før pause skapte Frøya spenning i kampen når dei utlikna til 1-1. 

I andreomgang tok me leiinga på nytt. I det 71. minutt kombinerte ein fint gjennom forsvaret til Frøya. Joakim Nundal, Kristoffer Haukås Steinset og til slutt Martin Høyland sikra ei flott scoring. 2-1 med under 20 minutt igjen av kampen. Nok ein gong utlikna heimelaget like før slutt, og etter 90 minutt stod det 2-2 på resultattavla. 

I ekstraomgangane var det ingen av laga som scora, og det var difor klart for straffesparkkonkurranse. Lars Jendal vart bytta inn for Magnus Stær-Jensen og det var klart for duell. Der var det nettopp Jendal som skulle bli helten. 

Frøya scora, Per-Egil Flo svara med scoring. Frøya scora igjen og Frøya-keeper Andreas Helland redda straffa til Andreas Hoven. Frøya scora igjen, og Felix Eriksson satte si straffe i mål. Frøya satte også si 4. straffe, og Joakim Nundal svara med scoring. Frøya si siste straffe måtte reddast, og Lars Jendal leverte som bestilt. Når Frøya-keeper Helland gjekk fram valgte Jendal riktig side. Straffa måtte takast på nytt då dommar meinte at han gjekk for tidleg frå streken. Helland fekk eit nytt forsøk, men Jendal redda også dette. Martin Sjølstad gjekk deretter fram og scora. 4-4 etter 5 straffar til begge lag. Frøya scora ei straffe til, og Isaac Twum gjorde det same. Så redda Jendal for tredje gong. Til slutt gjekk Mathias Øren fram og avgjorde med å sette ballen i mål.

Ein intens og spennande avslutning på kampen enda med avansement til 3. runde i cupen. Etter kveldens trekning vart det klart at me møter KFUM Oslo på heimebane i neste runde. Kampen skal spelast allereie neste veke, onsdag 1. mai.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: