Vidare i cupen i varmen

Vann 3-0 mot Fjøra i første runde

Det var steikande sol og brennande heitt på Fosshaugane Campus då Fjøra tok i mot Sogndal til første runde i cupen i dag.

Sogn Avis sendte kampen direkte, strålande kommentert av ingen ringare enn Morten Sortland. Sjå sendinga her

Fjøra spelte sin første offisielle kamp sidan pandemien braut ut, men 3. divisjonslaget stod godt på i denne kampen.

Det første målet kom etter ni minutt etter litt rot i Fjøra sitt forsvar. Daniel Eid kasta langt inn, og etter litt klabb og babb låg ballen i garnet bak Kristian Rutlin i Fjøra sitt mål.

Axel Kryger vart kreditert skåringa, hans første i kvitedrakta på 46 kampar.

Omlag midtvegs i omgangen holdt me på å rota det til i eige forsvar, ein Fjøra-spelar kom igjennom, datt, og heimelaget ville ha straffe. I situasjonen fekk Renze Fij vondt i eit kne, og Eirik Lereng kjenning med noko som gjorde at han gjekk av bana til fordel for Tord Salte.

Og det var Salte som la ein flott crossar over til Iver Skorve som spelte til Kristoffer Hoven, Iver fekk ballen tilbake og curla den vakkert i mål bak ein sjanselaus Rutlin. Då viste kampuret 28 minutt.

Sogn Avis snakka med Iver etter kampen

Berre to minutt etter skåringa, vann Johan Bakke ballen på eigen 16-meter. Han dreiv seg flott forbi eit par Fjøra-gutar og la ein strøken crossar til Kristoffer Hoven, som berre kunne langa ut. Åleine med Rutlin gjorde Konnerud-guten ingen feil, og 0-3 på måltavla.

Dette vart kampens siste mål. Me fekk ein god gjennomkøyring, og tok oss vidare i cupen.

Porten om kampen

Neste runde i NM er allereie neste laurdag. Motstandar er ikkje klar, men det blir på bortebane.

Karane tek seg no litt fri nokre dagar, etter eit tøft program i det siste.

Fjøra - Sogndal 0-3 (0-3)

1. ordinære runde i NM-cupen, Fosshaugane Campus, laurdag 24. juli.

Mål: 0-1 Axel Kryger 10. min, 0-2 Iver Skorve 28. min, 0-3 Kristoffer Hoven 30. min.

Dommar: Jakob Søgnen, Vegard Yndestad og Andreas Ytredal Akse

Fjøra (4-3-3): Kristian Rulin, Mathias Hovland (Tom-Rune Sæle frå 77. min), Mathias Flo, Adam Khamurzayev, Sindre Kristoffer Jensen - Elias Mittet, Kenneth Skjerven (Mathias Sunde Årdal frå 70 min.), Skage Storheim (Eirik Stokkenes frå 54. min) - Vegard Halset, Malvin Gjerde (Steffen Ljosheim frå 46. min), Andreas Lerheim Olsen

Sogndal: Renze Fij (Daniel Gjerde Sætren frå 46. min), Axel Kryger, Eirik Lereng (Tord Salte frå 27. min), Tobias Bjørnebye - Daniel Eid, Johan Bakke, Kristoffer Valsvik, Iver Skorve - Kristoffer Hoven (Andreas Hoven frå 46. min), Endre Kupen (Mikkel Erlandsen frå 81. min), Noah Solskjær (Filip Mardal frå 70. min)

Annonse fra Obos-ligaen: