Vidare i NM - me vann 4-1 i Bergen

Låg under, karane skrudde opp tempoet og vann komfortabelt

Sjå kampen i opptak her

Det er aldri lett å stilla til avspark når alle forlangar siger mot antatt dårlegare motstand, og det vart ein litt famlande start for våre i dagens oppgjer mellom Bjarg og Sogndal i 2. runde i cupen.

Både Kongsvinger, Sarpsborg 08, Mjøndalen og Strømsgodset gjekk på ein smell, og heimepublikumet fekk eit lite håp då Hans-Fredrik Brosvik Holst skåra det første målet etter 21 minutt av kampen.

Det tok berre fire minutt før me utlikna ved Endre Kupen, og fem minutt etter det skåra Kristoffer Hoven sikkert frå straffemerket. Stillinga til pause var 1-2 på Stavollen i Bergen.

Etter pause skåra me to ganger. Først etter eit frispark frå Ulrik Mathisen som skifta retning i Mathias Blårud, 1-3. Då hadde me spelt i 51 minutt i vinden.

Spikeren i kista kom i det 89. minuttet ved Erik Hovden Flataker, han skåra sikkert, og med det kan karane reisa heimatt med avansementet til tredje runde i kofferten.

Me er på veg til Ullevaal!

Les fyldig kampreferat på Firdaliven

Annonse fra Obos-ligaen: