Viktig info: Redusert tilkomst til stadion resten av 2024

Grunna arbeidet med Svingenbygget blir det redusert tilkomst til Fosshaugane Campus i dei resterande kampane i 2024

Renoveringa av Svingenbygget er godt i gang, og ein byrjar å sjå konturane av det nye bygget. Arbeidet fører no til redusert tilkomst til Sognekrafttribuna for resten av 2024-sesongen, og her kjem viktig info til deg som skal på kamp:

Tilkomst til Port 2

Om du har billett på Sognekrafttribuna og nyttar port 2 kan ein framleis kome via Trolladalen og fordi Svingenbygget. Vegen inn til stadion er stengt, men ein kan nytte vegen ned til parkeringa og deretter opp trappa eller grusvegen ved høgskulen. Sjå illustrasjon under og ta kontakt ved eventuelle spørsmål.

Her kan du gå om du skal til Port 2

HC-plassar og rullestol

Den reduserte tilkomsten skapar diverre utfordringar for dei med rullestol. Om ein har billett på Sognekrafttribuna anbefalar me no å køyre via riksveg 5 til Sognahallen. Frå parkeringa vil ein ha tilgang til heis via Sognahallen og opp til Idrettssenteret. For å komme til Sognekrafttribuna kan ein gå Holengata (gangen på langs med Sognahallen) og nytte heisen for å kome til ønska etasje. Sjå illustrasjon under og ta kontakt ved eventuelle spørsmål.

Slik kjem du med bil til Sognahallen

Den reduserte tilkomsten vil gjelde for alle dei resterande kampane i 2024. Me ønskjer alle hjarteleg velkomne på kamp og håpar dette ikkje byr på for store utfordringar for våre gjester. Ta gjerne kontakt med oss ved spørsmål eller om det er noko me kan hjelpe med knytt til tilkomsten.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: