IMG_9236

Viktig poeng mot Levanger

Karadn kjempar med seg eit viktig poeng heim frå ei vanskeleg bortebane

Det enda med 0-0 og eit viktig poeng i bortekampen mot Levanger. Me noterer oss for årets andre kamp utan baklengsmål, og får med oss eit poeng heim frå Trøndelag.

Kampen var prega av to lag som spelte cupkamp på onsdag, og varmen på TOBB Arena i dag. Den fyrste omgangen inneheldt lite sjansar, og begge lag sine keeperar fekk lite å gjere på. Det hadde ikkje vore eit einaste skot på mål til nokon av laga når dommaren sendte dei i garderoben halvvegs.

I andreomgang fekk ein sjå litt fleire sjansar, men ingen av dei enda i mål. Lars Jendal måtte hente fram nokre redningar, medan me i andre enden av bana fekk eit par gode moglegheiter for scoring. Innbyttar Oliver Hintsa var farleg frampå ved fleire anledningar, men ballen ville ikkje i mål i dag. Då endar det altså med 0-0 og eit poeng i dagens kamp.

No ventar ei heil veke med trening og restitusjon før neste kamp. Laurdag 11. mai klokka 16:00 møter me Sandnes Ulf på Fosshaugadn, og håpar du kjem på kamp! Det er for tida flott vær i Sogndal, og ingenting er som å sjå ein god fotballkamp i solskinet på Fosshaugadn! Velkommen!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: