Viktig siger mot KFUM

Karane vann 3-2, Daniel Eid varta opp med klasseskåring og Mathias Blårud er tilbake etter skade

Det vart 3-2 i dagens oppgjer på Fosshaugane Campus.




Erik Flataker fekk æren av å ta Ropet etter kampen i dag.

Les fyldig referat i Firda-liven

Det første målet kom etter eit innlegg frå Daniel Eid, der ein KFUM-spelar var uheldig og beina ballen i eige nett. Då viste kampuret 9 minutt. Ni minutt etter dobla me leiinga, denne gong ved Per-Egil Flo. Akor la eit strøkent innlegg til kapteinen, som iskaldt sette inn 2-0.



Daniel Eid skåra eit vakkert mål på ein flott kontring i andre omgang, assist var nok ein gong ved Akor. Gjestene skapte litt spenning mot slutten av kampen då dei reduserte to ganger, slik at sluttresultatet vart 3-2.



Me snakka med ein glad og nøgd trenar etter siger og tre poeng i banken.
​​​​​​​
Les om kampen i Porten

Mathias Blårud har vore lenge ute etter den stygge skaden som gjorde at han måtte operera i ansiktet tidlegare i vår. I dag var han tilbake i kvitedrakta! Me snakka med Mathias og kaptein Flo etter kampen.



Det ser ut til at me kom frå oppgjeret uten nye skader, men eit skår i gleden er at Axel Kryger fekk eit nytt gult kort, og må difor stå over kampen mot Start på søndag.

Les om kampen i Sogn Avis

Sogndal – KFUM Oslo 3–2 (2–0)

OBOS-ligaen, 14. serierunde, Fosshaugane Campus, onsdag 18. august

Mål: 1–0 Aaron Olsen 8. min (sjølvmål), 2–0 Per-Egil Flo 18. min, 3–0 Daniel Eid 62. min, 3–1 Bilal Njie 86. min, 3–2 Jesper Taaje 90. min

Gule kort: Axel Kryger, Jerome Akor Adams, Sogndal

Tilskodarar: 1012

Domar: Ole-Alexander Ekeli Valen, Kråkerøy IL

Sogndal (3–4–3): Renze Fij – Tord Salte, Martin Ove Roseth, Eirik Lereng – Daniel Eid, Johan Bakke (Mathias Blårud frå 56.), Axel Kryger, Per-Egil Flo – Andreas Hoven, Jerome Akor Adams (Anders Nord frå 76.), Kristoffer Hoven

KFUM Oslo (4–2–3–1): Emil Ødegaard – Christopher Lindquist (Bilal Njie frå 65.), Dadi Gaye (Kelvan Ghaedamini frå 81.), Aaron Olsen, Fredrik Dahl – Jesper Taaje, Johannes Hummelvoll (Aksel Potur frå 76.) – Tore André Sørås, Stian Sortevik, Mohammed Mahnin – Alagie Sanyang

 

Annonse fra Obos-ligaen: