Viktig siger og etterlengta smultring
2-0-siger mot Sandnes Ulf. A-laget Video
Etter nokre tøffe resultat kunne Eirik Bakke glede seg over både tre poeng og eit etterlengta oppgjer utan baklengsmål mot Sandnes Ulf søndag kveld.
– Dette var solid. Ikkje sprudlande, men me bør avgjere dette i andre omgang. Det er ein veldig solid struktur. Me hadde ein periode på 15minutt i andre omgang der me sleit, men så kom me oss gjennom den, seier Bakke.
Tuomas Pippola sette inn 1-0, før Atli Barkarson skaut eit frispark i hovudet på Even Hovland og i mål til 2-0.
– Det var ein fortent siger. Me burde skåra fem, men ein siger er ein siger. Me må bli litt meir kliniske på siste tredjedel, så skårar me fleiremål, seier Pippola.
– Me er veldig glade på vegner av gutane. Tre poeng og null baklengsmål. Det er lenge sidan, seier Bakke.
– Det var bra for Even (Hovland) og gutane bak med Lars (Jendal) i spissen, men det er heile laget som jobbar for det. Det var viktig å slåtilbake etter nokre tap. No skal me nyte sigeren, seier Bakke.
-
15Helén
80'
-
20Asp
-
32Øren
-
35Hillestad
-
36Årøy
-
38Sundal