Viktige støttespelarar

Moromor og morfar Lønne betyr mykje for Mathias i buret


I fjor spelte han samtlege minutt i Tippeligaen, og i år ligg han an til å gjera same bragden.

Ingen i gruppa er meir seriøs og dedikert enn Mathias Lønne Dyngeland. Han driv med terping på små detaljar, for at han skal bli litt betre for kvar dag. Det er difor ikkje tilfeldig at han dei to siste åra har spelt 60 av 60 seriekampar på landets øvste nivå.

Det var heller ikkje flaks eller tilfeldig at han redda straffe mot Stabæk førre serierunde.

Publikum BrannB 2017 Foto - Rune Sjøberg (5)
Olav og Dagrunn på kampen mot Brann i Bergen (Foto: Rune Sjøberg)

- Familien betyr mykje for meg. Eg veit at dei er med under kampen, sjølv om dei ikkje er på arenaen, seier Mathias, og dreg fram mormor og morfar som solide støttespelarar.

Morfar Olav Lønne vart 80 år i vår. Det stoppar han ikkje i å reisa land og strand rundt for å sjå barnebarnet i lag med mormor Dagrun. I år har det blitt turar til Sandefjord og Skien, dei fekk med seg kampen i Haugesund der Mathias verkeleg viste seg fram som en panter, og dei har vore på mange av kampane her på Fosshaugane.

- Det er kjempekjekt å sjå at dei sit på tribuna når me kjem på bana, seier Mathias.

Mathias Dyngeland HaugesundB 2017 Foto - Rune Sjøberg
Mathias takkar pappa Arne og resten av familien etter kampen mot Haugesund (Foto: Rune Sjøberg)

Annonse fra Obos-ligaen: