
Vil du bli frivillig for Sogndal Fotball?
Sogndal Fotball ville ikkje vore det same utan våre fantastiske frivillige - bli med du også!
Det hadde vore umogleg å arrangera utan dei fantastiske frivillige som legg ned ein uvurderleg innsats for klubben. Det er mange forskjellige og spennande oppgåver å gjera på Fosshaugane Campus, og me er alltid ute etter flinke folk som kan bidra saman med oss - Bli med på laget!
Gjennom alle år har dei frivillige gjort ein strålande jobb for Sogndal Fotball, og veldig mange har vore med i ei årrekkje. Som frivillig får ein mange gode sportslege opplevingar og bygger eit sosialt nettverk der trivsel og godt miljø står i fokus. Me har mange ulike oppgåver å fylle, og garantert noko som kunne passa deg. Bli ein del av Sogndal-familien og bli med på å gjere Fosshaugane Campus til ein stad for fotballfest og minner for livet! Under kjem nokre av postane me treng frivillige:
Vakt/Vert:
Som vakt på våre heimekampar vil du vera med i ei stor vaktgruppe som har ansvar for kontroll av publikum på stadion. Dette er ein sosial jobb som gjer deg moglegheit til å sjå kamp frå "innsida". I tillegg er nokre av våre vaktpostar å hindre at publikum tek seg inn i teknisk område/bana. Er du flink på taklingar? Her vil ein bli delt opp i to grupper der kvar vaktgruppe jobbar annankvar kamp. Er du veldig gira skal du sjølvsagt få lov til å stå vakt kvar heimekamp om du ønskjer det!
Billettør:
Her sit ein i billettluka, og er førsteinntrykket til alle dei som kjem på stadion og skal sjå kamp. Denne jobben blir gjort gjennom Sogndal Fotball sitt billettsystem Ticketco. Jobben passar perfekt for deg som er utadvendt og likar å være sosial, og det skadar ikkje om du har eit flott smil på lur!
Storskjerm:
Dette er ein plass for deg som har god teknisk innsikt til både lyd og bilete. Her er det varierte oppgåver som går på styring av storskjerm, grafikk, digitale LED-banner og andre tekniske finesser. Her må ein ha tunga rett i munn, og vera roleg når ting kan virka stressande. Dette er kanskje den artigaste jobben på Fosshaugane Campus, og du får definitivt den beste utsikta. Alle som ønskjer å vera i kontrollrommet får grunnleggjande opplæring i forkant. Ein blir også ein del av ein flott gjeng som byter på å site i kontrollrommet. Kontaktperson for deg som ønskjer å site i kontrollrommet er Gisle Solheim (kontaktinfo nedst i saka).

Kiosk:
Me treng alltid nokre flinke hjelparar i kioskane på stadion. Her må du ha tunga rett i munnen, for her kjem det mange som treng ein kaffi, vafler eller kanskje ein Sprudlande Eple frå Lerum? I kiosken møter du mange i løpet av ein kamp, og for deg som likar sal er dette perfekt!
Lerum Cup
Lerum Cup er vårt største arrangement, og utan dei frivillige ville det ikkje blitt noko fotballeventyr i Sogn for barn og unge. Under Lerum Cup er det mange ulike oppgåver me treng hjelp til, og om du ønskjer å bidra finn me alltid noko som passar for deg. Det kan t.d. vere rigg av banar og kioskar, rydding av klasserom og pakking i forkant av turneringa. Undervegs i turneringa treng me flinke frivillige til vertar, sekreteriatet, kioskane og mykje meir! Ein kan også hjelpe med nedrigg, rydding og vasking i etterkant om det er noko for deg!
Når ein er med som frivillig i Sogndal Fotball får ein ikkje lønn, men ein kan få tilgang på andre goder som rabattar og invitasjon til diverse arrangement. Me set stor pris på alle som legg ned ein frivillig innsats for klubben og håpar endå fleire vil vere med på laget! Ta kontakt med Ørjan Hjellhaug om du ønskjer å bli frivillig, eller om du vil vite meir om kva me kan tilby frivillige! Ikkje nøl med å ta kontakt - me set pris på alle bidrag!
STAO NO PAO!
Kontaktpersonar
-
Ørjan HjellhaugKontaktperson for frivillige
- Telefon
- 975 08 352
- E-post
- orjan
@sogndalfotball.no
-
Gisle SolheimAnsvarleg for kontrollrommet
- Telefon
- 900 25 061
- E-post
- solgis59
@gmail.com