Vil du vere med å skape vekst og nye samarbeid for Sogndal Fotball?
Me søkjer ein relasjonssterk og handlekraftig sals- og marknadsansvarleg som skal styrke klubben sitt arbeid med sal, partnarskap og synlegheit.
Stillinga er sentral i klubben si vidare utvikling, og du vil jobbe tett med fagområda kommunikasjon, merkevarebygging, forretningsutvikling og arrangement.
Om rolla
Som sals- og marknadsansvarleg får du eit heilskapleg ansvar for å utvikle og levere på klubben sitt kommersielle arbeid.
Ein sentral del av rolla er å drive aktivt og oppsøkjande sal, og å etablere samarbeid som styrkar klubben sitt økonomiske grunnlag. Du må trivast med å jobbe målretta med salsaktivitet, relasjonsbygging og lukking av avtalar.
Du vil spele ei nøkkelrolle i å skape verdi for både klubben og samarbeidspartnarane våre. Rolla vil jobbe tett med klubben si nye satsing på kommunikasjon, for å sikre at innhald og synlegheit også gir kommersiell verdi.
Ansvarsområde
- Aktivt sal mot nye og eksisterande samarbeidspartnarar
- Utvikle og følgje opp sponsor- og partnaravtalar
- Strukturere og selje kommersielle rettar (eksponering, innhald, opplevingar)
- Planlegge og gjennomføre marknadsaktivitetar og kampanjar
- Bidra til gode publikums- og partnaropplevingar i samarbeid med arrangement
- Tett samarbeid med kommunikasjon for å kommersialisere innhald og flater
- Ansvar for å nå fastsette sals- og inntektsmål
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som kombinerer kommersiell teft med relasjonsbygging og gjennomføringsevne.
- Erfaring frå sal, marknad eller forretningsutvikling
- Trivst med oppsøkjande sal og å jobbe med konkrete resultatmål
- Dokumenterte salsprestasjonar og evne til å lukke avtalar
- Evne til å forstå og skape verdi for partnarar
- Evne til å jobbe strukturert med salsprosessar, aktivitet og oppfølging
- Gode kommunikasjonsevner og ein lagspelar
- Interesse for idrett og lokalt næringsliv er ein fordel
Kvifor jobbe i Sogndal Fotball?
- Ei sentral rolle i utviklinga av klubben sitt kommersielle arbeid
- Moglegheit til å jobbe med sterke merkevarer og engasjerte partnarar
- Eit sterkt fagmiljø på Fosshaugane Campus
- Ein variert kvardag tett på toppfotball, frivilligheita og lokalsamfunnet
Satsing framover
Sogndal Fotball har ei tydeleg satsing på kommunikasjon, synlegheit og merkevarebygging. For å lukkast kommersielt, må dette arbeidet koplast tett til sal og partnarverdi.
Som sals- og marknadsansvarleg skal du vere med å omsette dette til konkret verdi gjennom sal, relasjonar og partnarskap.
Søknadsinformasjon
Søknadsfrist: 15. april 2026
Kortfatta søknad med CV sendast til [email protected].
Søknader vurderast fortløpande.
Tiltreding etter avtale.
Arbeidsstad er Sogndal.
Kontaktperson:
Ingrid Narum, konst. dagleg leiar
Tlf. 926 01 421