
Vil laget ditt vera ballhentar på Fosshaugane Campus?
Sogndal Fotball søkjer lag til å vere ballhentar på våre kampar i OBOS-ligaen!
Sogndal Fotball søkjer lag til å vere ballhentar på våre kampar i OBOS-ligaen! Her får de oppleve ein kamp i OBOS-ligaen på nært hald!
Me søkjer gutar og jenter frå 11 år og oppover til å vere ballhentarar. Ein får gå saman med A-laget ut til kampstart, og følgje kampen frå indre bane. Oppgåva undervegs i kampen er å sørge for at det alltid er ballar i stativa ved måla og å hente dei som blir skutt vekk.
Høyrest dette ut som noko for ditt lag? Ta kontakt med Ørjan Hjellhaug på e-post til [email protected]!
STAO NO PAO!