Vil laget ditt vere ballhentar på Fosshaugane Campus?
Har laget ditt lyst på ei heilt spesiell oppleving tett på kamp? No søkjer me lag som vil vere ballhentarar under heimekampane til Sogndal Fotball på Fosshaugane Campus.
Å vere ballhentar er både kjekt, sosialt og lærerikt, og gir eit unikt innblikk i kampdagen frå innsida.
Som ballhentar får de:
- Gå saman med A-laget ut til kampstart
- Sjå oppgjeret frå indre bane
- Bidra til god flyt i kampen
- Skape gode lagminne saman
Dette er ei oppleving mange hugsar lenge!
Me ønskjer lag:
- I alderen ca. 12–14 år
- Med minimum 8 og maksimum 12 spelarar
- Som kan stille samla som lag
Praktisk informasjon
- Oppmøte før kampstart (info kjem ved tildeling)
- Kort gjennomgang av oppgåver før kamp
- Enkle oppgåver under kamp (hente ballar og halde tempo i spelet)
- Moglegheit for lagbilete etter kamp
Laget som stiller med ballhentarar får 10 gratis kampbillettar til vaksne for gjeldande kamp.
Slik melder de interesse
Vil laget ditt vere med? Send e-post til [email protected] med:
- Lagnamn
- Kontaktperson
- Alder på spelarane
Merk!
Det er avgrensa tal plassar – førstemann til mølla!
Bli ein del av kampdagen
Heimekampane på Fosshaugane Campus er ein viktig møteplass for både spelarar og publikum. Som ballhentar er de med og bidreg til å skape ramma rundt kampane våre.
Me håpar å sjå laget ditt på sidelinja!