Vinnar av OBOS Nasjonal G19 B-sluttspel!

Karadn våre drog i land sigeren og fekk løfta pokalen!

Det var klart for ein spennande finale på KFUM Arena i dag når NG19 skulle møta Haugesund. Våre gutar spelte seg fram til finalen ved å slå ut lag som Vålerenga og Bodø/Glimt, og no skulle det avgjerast.

Kampbiletet var at Haugesund hadde mest ball, men at det var Sogndal som skapte dei største sjansane. Til pause stod det 1-1 etter at Viljar Stavø scora vårt mål. Det resultatet stod seg også ved fulltid som betydde ekstraomgangar på Ekeberg.

Der var det våre gutar som trakk det lengste strået. Kristian Stenhaug satte inn det avgjerande målet og 2-1 sigeren var i boks. Dermed kunne denne glade gjengen sleppa jubelen laus og løfta pokalen!

Laget som starta kampen var:

Jarik Sundling, Johannes Konstali-Lødemel, Noah Heggestad, Lidvin Berge Hestetun, Markus Lazaro Mannsverk Bringas, Sander Sjøthun Heggestad, Ola Lerheim Olsen, Marius Årøy, Kristian Kongelf, Viljar Stavø og Mathias Krogh Ravnestad.

På benken var:

Sander Aske Granheim, Kristian Sivertsen Stenhaug, Andreas Haugen Duesund og Linus Heggestad

Gratulera so mykje til både spelarar og trenarar!

STAO NO PAO!

Foto: Ørjan Hestetun

Annonse fra Obos-ligaen: