Vitor Barreto ny Head of Performance
Vitor Barreto (31) tek til i rolla som Head of Performance i Sogndal Fotball frå 31. januar. A-laget
Stillinga som Head of Performance er nyoppretta og skal vere med å styrkje kvardagen rundt spelartroppen gjennom heile sesongen.
Tilsetjinga er ein del av det vidare arbeidet med å utvikle laget og støtteapparatet rundt spelarane. Hovudtrenar Luis Pimenta seier dette om bakgrunnen for tilsetjinga:
– Då me evaluerte fjorårssesongen, såg me at eitt av områda der me har mest å hente er prestasjon i veker med tre kampar. Difor ønskte me å løfte kvaliteten på både fysisk førebuing og restitusjon. Med ein Head of Performance får me tettare oppfølging av kvar enkelt spelar, og eit betre utgangspunkt for å prestere i slike periodar, som faktisk utgjer over 40 prosent av sesongen.
Luis og resten av teamet er svært nøgde med å få Vitor med på laget:
– Vitor har vist mykje kunnskap og god struktur gjennom prosessen, samstundes som han har vore audmjuk og lærevillig der han har hatt mindre erfaring. Det er akkurat dette me har leita etter – tryggleik i rolla og ein sterk vilje til å utvikle både seg sjølv og laget. Eg er heilt sikker på at dette blir ein veldig god match for støtteapparatet vårt, både fagleg og menneskeleg. Allereie på treningsleiren får me ei god moglegheit til å samkøyre oss.
Me ønskjer Vitor Barreto hjarteleg velkomen til Sogndal Fotball!
Vitor sluttar seg til laget når dei kjem til treningsleir i Spania 31. januar.
STAO NO PAO!