
Wattn er med på laget!
Straumselskapet Wattn er med på laget! Partnarinnhald
Sogndal Fotball er glade for å kunne annonsere at Wattn AS er vår nyaste samarbeidspartnar!
Wattn er ein straumleverandør nær deg - uansett kvar du er. Dei er godt etablerte på Vestlandet med kontor i Ålesund, Sandane, Ørsta, Stryn, Vik i Sogn og Kvinnherad. Sjølv om røtene er godt planta på Vestlandet har dei kundar over heile landet, og me er glade for at dei no vil bli ein del av vårt partnarnettverk.
Wattn kan tilby gode straumavtalar for deg, og me anbefalar å sjekke ut detaljane på deira heimesider! Her kan du også lese meir om vår nyaste partner!

- Me er glade for å ha med Wattn på laget, og ser fram til eit langsiktig og godt samarbeid med dei. Det er utruleg viktig for oss å få med nye partnarar i den fasen klubben er i no. Saman med Wattn skal me hjelpe kvarandre til å bli betre, seier sal- og marknadsansvarleg Terje Teigen.
Wattn på drakta!
Dei mest observante har truleg allereie sett Wattn-logoen på drakta. Me kunne stolt presentere årets drakt på Kick off tidlegare i år, og mot Mjøndalen fekk me endeleg bruke den for fyrste gong. No kan også du sikre deg den nydelege drakta, og i nettbutikken vår finn du både drakta og andre supportereffektar!

Me minnar også om morgondagens cupkamp mot Kongsvinger på Fosshaugadn! Sesongkorta gjeld ikkje i cupen, så me oppmodar alle om å kjøpe billett på førehand! Bli med på vegen mot Ullevaal, og støtt karadn i ein tett og jamn kamp!
STAO NO PAO!