Ylvis på Fosshaugane Campus

Bli med på nyinnspeling av Stao no pao!!

I morgon onsdag 26. oktober kl. 18:00 inviterer me alle små og store til å vera med på innspeling av video til ein ny versjon av Stao no pao!

Ylvis-brødrene og Kjartan Lauritzen har i lag med produksjonsteamet Concorde dei siste dagane vore i Sogn for å spela inn ny versjon og video av vår kjære supportarsong.

På onsdag skal me ha med publikum, og då er det kjekt om så mange som mogleg kjem for å vera med, slik at me får ei skikkeleg ramme rundt innspelinga.

Kle deg opp i Kvitt og Svart og ta med godt humør, så møtast me ved Bakkeplassen (Sognekraft-tribuna i 1 etasje).

Sogndal Fotball og Lerum stiller med mat og drikke. Dette blir kjekt!

Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: