Stadionreglement
Me ønskjer at alle som kjem på kamp skal få ei trygg, inkluderande og god oppleving på Fosshaugane Campus. Difor ber me alle gjester gjere seg kjende med stadionreglementet før kampstart.
Du pliktar å rette deg etter anvisningar og pålegg frå arrangør før, under og etter arrangementet. Brot på stadionreglementet kan føre til bortvising, utestenging og/eller politimelding.
Adgang og kontroll
- Gyldig billett/åtgangsteikn skal visast ved inngang og gir berre adgang til oppgjevne område/seksjonar.
- Personleg visitasjon kan gjennomførast ved inngang. Personar som nektar kontroll kan nektast adgang.
- Personar som blir bortvist får ikkje refundert billetten.
- Forlèt du stadion, kan du ikkje rekne med å sleppe inn att.
Forbodne gjenstandar
Det er forbode å ta med:
- Knivar, våpen eller andre farlege gjenstandar
- Pyroteknikk utan godkjend søknad og bruk i samsvar med arrangør og gjeldande retningslinjer
- Flasker av plast eller glas
- Alkohol og andre rusmiddel
- Videokamera eller kamera med linse over 15 cm
- Dyr (unntak: førarhund i teneste)
- Paraply, selfiestang eller andre spisse gjenstandar
- Banner, flagg eller klede med rasistiske, pornografiske, politiske, kommersielle eller religiøse bodskap
- Balaklava, finlandshetter eller anna tildekking av ansikt
- Andre gjenstandar arrangør vurderer som ein tryggleiksrisiko
Personar med forbode effektar kan bli bortvist.
Orden og tryggleik
- Opphald i trapper, inngangar og rømningsvegar er forbode.
- Klatring på gjerde og stengsel er ikkje tillate.
- Det er forbode å ta seg inn på indre bane eller grasmatta.
- Det er forbode å kaste gjenstandar.
- Valdeleg, aggressiv eller nedsetjande åtferd er forbode.
- Synleg rusa personar kan bli bortvist.
- Røyking er ikkje tillate på stadion.
Foto, filming og bruk av innhald
- Levande bilete frå stadion kan ikkje brukast kommersielt utan løyve.
- Skilt og reklameflater kan ikkje dekkjast til utan avtale.
- Opptak, innsamling eller formidling av kampdata, lyd eller bilete til spel, gambling eller kommersiell bruk utan godkjenning er forbode.
- Mobiltelefon kan berre brukast til privat bruk.
Ansvarsavgrensing
Arrangør har ikkje ansvar for:
- Konsekvensar av forseinking, utsetting eller avlysing av arrangement.
- Skadar eller tap som kan oppstå under arrangementet.
- Gjenstandar som ikkje kan takast inn og må setjast att utanfor stadion.