Falkeblikk AS - Dronebilde Fosshaugane Campus1600x1066.jpg

Stadionreglement

For at alle skal ha ei god oppleving på vår stadion er det nokon reglar du som gjest må forhalde deg til når du besøkjer oss.

  1. Du må rette deg etter anvisningar og pålegg gjeve av arrangør før, under og etter arrangementet
  2. Brot på stadionreglementet kan føra til at ein blir vist vekk frå stadion, utestenging og/eller politianmelding
  3. Gyldig åtgangsteikn/billett skal visast ved inngangskontroll, denne gjer berre åtgang til å opphalde deg på dei områda eller seksjonane som er beskrive på åtgangsteiknet/billetten.
  4. Personleg visitasjon kan førekome ved inngang til stadion, om ein motset seg dette kan ein nektast åtgang til stadion
  5. Følgjande effektar er forbode å ta med seg inn:
    1. Knivar, våpen eller liknande effektar som blir sett på som ein sikkerheitsrisiko
    2. Pyroeffektar som bluss, kinaputtar, røykgranatar og liknande
    3. Flasker av plast eller glas
    4. Alkohol og andre rusmiddel
    5. Videokamera og fotografiapparat med linse over 15 cm
    6. Dyr (med unntak av førarhund i teneste)
    7. Paraply, selfiestang eller andre spisse gjenstandar
    8. Banner, flagg eller klede med rasistiske, pornografiske, politiske, kommersielle eller religiøse bodskap
    9. Balaklava, finlandshetter og andre plagg som brukast til maskering
    10. Andre gjenstandar som arrangøren meiner er til fare for arrangementet

Personar som blir tekne med effektar nemnd over kan bli vist vekk frå stadion

  1. Opphald i trapper, inngangsparti, rømningsvegar osv er forbode, og ingen forsering eller klatring på gjerde og stengsel er tillatte.
  2. Valdsam eller aggressiv åtferd, inkludert bruk av nedsettande språk er forbode og kan medføra at ein bli vist vekk frå stadion
  3. Det er ikkje tillatte å ta seg forbi stengsel og inn på indre bane eller grasmatta. Det kan medføra at ein bli vist vekk frå stadion
  4. Det er ikkje tillatte å kasta gjenstandar på andre, inn på grasmatta eller andre stadar, dette kan medføra at ein blir vist vekk frå stadion
  5. Synleg berusing kan medføra at ein bli vist vekk frå stadion
  6. Det er ikkje tillatte å røyke på stadion
  7. Du kan ikkje bruke levande bilete frå nokon plass inne på stadion til kommersiell bruk
  8. Du kan ikkje dekkje til skilt og reklameflater utan at dette er avtala med arrangør på førehand
  9. Du kan ikkje forventa å få koma inn på stadion att om du forlatar denne
  10. Personar som blir vist vekk får ikkje refundert sine billettar
  11. Arrangør har ikkje ansvar for
    1. Konsekvensar knytta til forseinkingar, utsettingar eller avlyste arrangement
    2. Gjestande publikum i forbinding med ulykker, skadar eller tap som måtte oppstå under arrangementet
    3. Eigendelar ein ikkje får ta med seg inn på stadion og som må settast vekk under arrangementet
  12. Innsamling og/eller overføring og/eller produksjon og/eller spredning av informasjon eller data angående kamputvikling, resultater, hendelser, oppførsel eller andre forhold i kampen, samt enhver form for opptak av lyd-, video- eller audiovisuelt materiale fra kampen (enten ved bruk av elektroniske enheter eller på annen måte), til bruk for noen form for spill, gambling eller kommersielle aktiviteter som ikke er autorisert på forhånd av klubben og ligaen, eller for bruk til andre formål i strid med disse vilkårene og betingelsene, er strengt forbudt på stadion. Mobiltelefoner kan kun benyttes til personlig, privat bruk. Ved brudd på disse vilkårene kan besøkende nektes tilgang til eller fjernes fra stadion.

Annonse fra Obos-ligaen: