Instruks for akkreditert presse
Velkomen til heimekamp hjå Sogndal Fotball på Fosshaugane Campus.
For at arrangementet skal gjennomførast på ein trygg og profesjonell måte ber vi akkreditert presse følgje retningslinjene under.
1. Akkreditering
Alle medieaktørar må søkje om akkreditering til kvar enkelt kamp.
Søknad
Send e-post til [email protected] for å søke om presseakkreditering til Sogndal Fotball sine heimekampar.
Søknad skal innehalde:
- mediehus
- fullt namn
- type akkreditering (journalist / foto / radio / TV)
- telefonnummer
Søknadsfrist: Seinast 48 timar før kampstart.
Ved spørsmål: Kontakt [email protected]
2. Henting av akkreditering
Akkreditering og eventuelle fotovestar hentast:
- i sekretariatet på Fosshaugane Campus
- inngang via Port 2, 1. etasje på Sognekrafttribuna
Akkreditering kan hentast frå 2 timar før kampstart.
3. Pressefasilitetar
Akkreditert presse har tilgang til presserom.
- Presserom i 3. etasje på Sognekrafttribuna
- Arbeidsplassar med tilgang til WiFi
Presserommet er bemanna frå minimum 1 time før kamp til 30 minutt etter kamp.
Arbeidsplassar på tribuna er merka med mediehus og journalist.
4. Arbeidsområde under kamp
Akkreditering gir tilgang til:
- pressetribune
- presserom / arbeidsrom
- mixed zone etter kamp
- eventuell pressekonferanse
Skrivande presse har ikkje adgang til indre bane.
Fotografer skal arbeide frå anvist posisjon bak reklameskilta bak mål og opp til 16-meteren, eller andre godkjente fotoposisjonar.
Alle fotografer skal bruke fotovest.
5. Indre bane
Indre bane er eit rettigheitsbelagt område.
Kun personar med godkjent akkreditering og korrekt vest har tilgang, til dømes:
- TV-vest
- foto-vest
- ENG-vest
Vest skal vere synleg til ei kvar tid.
6. Rettigheiter til kampbilete
TV-rettigheitshavar har eksklusive rettigheiter til levende kampbilete.
Andre medieaktørar kan ikkje:
- filme eller streame kampen frå eigen posisjon
- produsere levende kampbilete
Eventuelle opptak må følgje retningslinjer frå Fotball Media og arrangør.
7. Mixed zone etter kamp
Etter kampslutt skal intervju gjerast i mixed zone.
Her vil:
- spelarar passere gjennom området
- akkreditert presse kunne gjennomføre korte intervju
Mixed zone er kun open for akkreditert media.
8. Praktisk informasjon
Lagoppstilling
Offisiell lagoppstilling vert delt ut til presse 75 minutt før kampstart.
Parkering
Det er ikkje eigne reserverte parkeringsplassar for presse, men fleire parkeringsmoglegheiter rundt Fosshaugane Campus.

Internett
WiFi er tilgjengeleg i presserom og på pressetribune.
9. Generelle retningslinjer
- Akkreditering skal vere synleg til ei kvar tid.
- Følg instruksar frå arrangør og sikkerheitspersonell.
- Respekter avsperringar og tekniske installasjonar.
- Spørsmål under arrangementet kan rettast til klubben sin medieansvarleg.
For akkreditering eller spørsmål:
Kontakt [email protected]