Bjørn Inge Utvik vs Haugesund 2014

Bjørn Inge Utvik nominert til MOT-prisen

Prisen går til den tippeligaspelaren som viser MOT og bryr seg om andre

Bjørn Inge Utvik er nominert til å motta årets MOT-pris. Prisen går til den tippeligaspelaren som viser MOT og bryr seg om andre – og vinnaren  blir stemt fram av spelarane i Tippeligaen.

Vinnaren vert annonsert på NISO sin Årets spelar-kåring den 23.november.

Årets nominasjonar frå tippeligaklubbane som samarbeider med MOT er klare, og lista ser sånn ut:
Jonas Svensson, nominert av Rosenborg BK
Erling Knudtzon, nominert av Lillestrøm SK
Hassan El Fakiri, nominert av SK Brann
Petter Orry Larsen, nominert av Aalesunds FK
Bjørn Inge Utvik, nominert av Sogndal  Fotball
Jon Inge Høiland, nominert av Stabæk
Ørjan Nyland, nominert av Molde FK

- Utruleg kjekt å bli nominert

- Det er utruleg kjekt å bli nominert til denne prisen. Det viser at eg har gjort noko spesielt som gjer at eg fortener det, og det er jo sjølvsagt kjekt, seier ein glad Bjørn Inge.

- MOT jobbar jo mot veldig gode formål, og eg har vore so heldig å få vera med MOT på skulebesøk og ser at det er ein veldig viktig jobb dei gjer, og eg trur dette arbeidet vil redusera ting som mobbing og få ungdom til å ta eigne val, seier den sympatiske karen.

- Gode førebilete er viktig for alle, anten om du er liten og fremadstormande eller om du er litt eldre. Gode førebilete trur eg er viktig då dei kan hjelpa deg til å ta val i livet som du kanskje elles ikkje ville teke, men grunna at du ser opp til nokon tør du ta valet, seier Bjørn Inge.

- Me som fotballspelarar trur eg er ein viktig bidragsytar for å nå frem med bodskapene til dei unge. I dei klassane me har vore på besøk, så ser du at ungane ser opp til deg og er veldig engasjerte med det me snakkar om, og då trur eg det er lettare å formidla det MOT jobbar med ut til dei. Me spelar kampar kvar helg der mange av dei ser på og det har stor innvirkning på dei om korleis me oppfører oss på og utanfor bana, avsluttar Utvik.

Sjå video: Modige førebilete

Dette skriv klubben i sin nominasjon:

Bjørn Inge har på kort tid vokst seg inn i ei leiarrolle i laget til tross for sin unge alder. Han skil seg ut med ein ekstrem seriøs innstilling, gode haldningar og pågangsmot. Han er en aktiv bidragsytar i møte med barn og unge i nærmiljøet, og han er eit førebilete både for dei yngre i klubben og for sine eldre lagkameratar. 

Bjørn Inge Utvik
Bjørn Inge Utvik

Annonse fra Obos-ligaen: