Sogndal United

Landsturneringa Lillehammer 2015

4.-6. september er det stor aktivitet

4.- 6. september reiser eit fotballlag samansett av spelarar frå 5 kommunar i fylket til Landsturneringa i fotball/handball. 

Dette året er turneringa på Lillehammer og det vert kampar i både fotball og handball for deltakarar med utviklingshemming.

I tillegg til kampar vert det opningsshow i Lillehammer sentrum, fest laurdagskveld i Håkonshall med middagsbuffet og dans, og finalekampar på søndagen. 

Leiargruppa er samansett med leiarar frå Sogndal United, Sogn og Fjordane Fotballkrets, Førde IL og ledsagarar/pårørande.  

Det er ein spent gjeng som reiser på tur og vi ser fram til ei innhaldsrik helg.

Annonse fra Obos-ligaen: