Fosshaugane Campus

Idrett, utdanning & kunnskap!

Fosshaugane Campus - heimen til Sogndal Fotball, men så mykje meir enn berre fotball!

Fosshaugane Campus vart offisielt opna 7. juli 2006, men på Fosshaugane har det vore stor aktivitet lenge før den tid. I dag huser Fosshaugane både fotball, idrett, utdanning og næringsliv. Arbeid på tvers av fagområder er godt innarbeida, og området held fram med å utvikle seg.

Fosshaugane si historie

På Fosshaugane har idretten i Sogndal i heile etterkrigstida vokse fram og utvikla seg. Ved etableringa av Sogndal Gymnas i 1963 starta også ei storstilt skuleutbygging på «Haugadn».

Etablering av høgskule og lærarutdanning rundt 1970 var også starten på eit fotballeventyr i Sogndal. Lærarutdanninga og fotballen starta tidleg med eit samarbeid, som gav inspirasjon til etablering av fleire idrettsanlegg og eigedomsutvikling på Fosshaugane. Kvåle Stadion kom på 80-talet og Sognahallen stod ferdig i 1998.

I 2001 starta samarbeidet med Fosshaugane Campus. Sogndal Fotball starta første byggesteg i 2004, Sogndal vidaregåande skule sitt stod ferdig sumaren 2011, medan Stasbygg sitt Høgskulebygg sto ferdig året etter.

Utviklinga går vidare. Sogndal vidaregåande skule flyttar nokre av sine avdelingar frå «Gymnasbygget» til nytt bygg samlokalisert med anlegget som stod klart i 2011, og Høgskulen overtek det gamle bygget. Samstundes bygger Sogndal Fotball eit innovasjonsbygg. I same periode har Sogndal Kommune utvikla grunnskulen sin på Campus, og i 2016 stod også nye studentbustader i regi av Studentsamskipnaden klar.

Samla sette er det løfta idrettsanlegg og eigedomsprosjekt på nærare kroner 1,8 milliardar etter tusenårsskiftet.

Ein del av satsinga var å få inn private kunnskapsverksemder, og etter etableringa av Fosshaugane Campus er det no nærare 40 private aktørar på Fosshaugane.

Målet er å skape det best integrerte kunnskapsmiljøet i landet. Vere ein stad der ungdom og vaksne har lyst å samhandle og lære av kvarandre. Entreprenørskap skal vere ein kjerneverdi, og «Sogndalsmodellen» der samarbeid og fellesløft er nøkkelord for å skape utvikling for den enkelte og for fellesskapet. Fosshaugane Campus skal leve opp til kommune sitt slagord; «Bli med på laget» og klubben sitt; «Stao no pao».

Annonse: