Akeem vil vidare

Høgrebacken blir ikkje med oss neste år

Sogndal Fotball og Akeem Latifu er samde om å avslutta kontrakten eitt år før den går ut.

- Akeem er 29 år og har eit sterkt ønske om å koma seg vidare, og helst spela i utlandet, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Latifu kom til klubben med eit ønske om å spela i eliteserien, og då dette ikkje gjekk skal han ha gitt tydelege signal på at han ønskte å gå vidare.

Økonomiske perspektiv skal òg vera eit sentralt element, då han er på veg mot siste del av fotballkarrieren og difor må gjera vurderingar rundt dette.

- Me takkar Akeem for god innsats, og ønskjer han lukke til vidare, seier Flo, som forsikrar om at me vil ha god dekning på høgrebacken neste år.

- Tomas Totland er i veldig fin utvikling. Han er inne i landslagsvarmen og kjem til å ta nye steg også neste år. Me er godt skodde på backplass, avsluttar Håvard Flo.

Annonse fra Obos-ligaen: