Avsluttar samarbeidet

Trond Olsen og Sogndal Fotball skil lag

Gjennom samtalar har Trond Olsen og Sogndal Fotball vorte samde om å avslutta samarbeidet frå og med 1. februar 2019.

Trond Olsen kom til Sogndal i fjor sommar, og står bokført med fire kampar i kvitedrakta. Han kom inn i spelargruppa og bidrog med godt humør og delte sin erfaring.

Klubben har behov for å gjera justeringar i spelarstallen, og i dialog med Olsen vart det beslutta å oppheva avtalen.

Trond har ambisjonar om å fortsetja karrieren på eit høgre nivå, og med denne avslutninga kan det opne seg nye moglegheiter for spelaren.

Sogndal Fotball takkar Trond for ei fin tid i lag, og ønskjer lukke til vidare.

Annonse fra Obos-ligaen: