- Solid siger

Eirik Bakke var godt nøgd etter kampen mot Notodden

Sogndalspelarane jobba knallhardt på Idrettsparken, og fekk betalt for strevet.

Notodden hang ikkje med og vart lågere og lågare utover i kampen. Fullt fortent siger til laget frå Saftbygda.

- Solid kamp der me jager masse, og me held nullen, seier Bakke.


- Det var ein veldig god kamp for oss. Me får øvd på å dominere og halde ballen i laget. Sjølvsagt skulle me gjerne sett fleire mål, men me blir til for engstelege mot slutten. Gutane ynskjer å sikre sigeren, og det er fint. Fleire mål kjem det utover i sesongen, seier Bakke.

- I tillegg så kostar det krefter å jage slik me gjer. Så det er enklare for meg å stå å rope på fleire mål langs sidelinja, enn for dei som faktisk spring ut på der, smiler Bakke.

- Laget jobba knall hardt i dag.

Baktunge
- Det overraska meg litt at Notodden vart så baktunge. Me hadde ikkje forventa å måtte ta så mykje initiativ i kampen som det me faktisk gjorde. Og det skal spelarane ha, dei tok tak og viste kva potensiale dei sit inne med. Det er bra vinnarvilje i denne gjengen her, seier Bakke.

Per Magnus stod fram
- Per Magnus gjekk verekelg føre i dag. Han har ikkje hatt den beste oppladinga til kampen, då han har vore sjuk. Men Per Magnus tok tak og stod fram, seier ein nøgd Bakke.

- Det er solid gjennomført av hele laget, og slike kamper det blir fleire av i år, og då må me levere slik som i dag, seier Bakke.

Ei travel veke i vente
Karadn er på veg tilbake til Saftbygda, og allereie onsdag ventar Fyllingsdalen borte i NM. Søndag 6. mai ventar Sandnes Ulf heime på Fosshaugane Campus.

Kjøp kampbillett til Sogndal - Sandnes Ulf her

Me ynskjer dei god tur heim, og gler oss til onsdag!

Annonse fra Obos-ligaen: