Her er Eirik Bakkes potet

Sogndal: Ulrik Fredriksen (18) har funne seg godt til rette i Sogndal, men på fotballbana er han stadig på flyttefot.

Tekst og foto: Morten Sortland 
Artikkelen er publisert i Stao no pao magasinet som er eit samarbeid med Sogn Avis.

Han kom som midtbanespelar, debuterte som midtstoppar, men har spelt spiss denne sesongen.

– Eg var midtbanespelar i Sædalen og Fyllingsdalen, og hadde ikkje spelt midtstoppar før eg vart testa der i ein Sogndal 2-kamp, seier Fredriksen, som denne sesongen har starta dei fleste kampane som spydspiss i Sogndal sin 4-3-3-formasjon.

– Eg trivst i alle posisjonar sjølv om eg trur at eg kan nå lengst som midtstoppar, seier han.

Heftig debut
Muskelbunten tok alle midlar i bruk då han redda Sogndal og fekk raudt kort i debuten sin borte mot Haugesund sommaren 2017. Ulrik brukte handa då han redda eit skot frå Erik Huseklepp på streken og fekk marsjordre av domaren.

– Eg kjem aldri til å gløyma den kampen. Eg angrar ikkje på at eg handsa. Me ville tapt kampen om eg ikkje gjorde det. Eg har aldri fått så mange telefonar på ein kveld som etter den kampen, seier han og ler.

Vil bli best
Fredriksens fotballfabrikk var tittelen på ei sak i Fanaposten for to år sidan. Dette var ei sak om den tidlegare Brann og Sogndal-spelaren Roar Fredriksen og dei to talentfulle sønene hans, Ulrik og Jonas som er eitt år yngre. I dag er pappa Roar assistenttrenar i Fana, medan Jonas er kaptein på Brann 2 og har debutert for førstelaget i cupen.

– Det har alltid vore litt intrigar i familien om kven som er best og sånt. Eg sa i den artikkelen i Fanaposten at viss eg ikkje er best no, så skal eg i alle fall bli best, seier Ulrik og ler.

Familiefotball
I oppveksten spelte brørne fotball overalt, anten det var ute i gata eller inne i huset. 

– Eg har knust ein del vasar, men det blir sånn når du skal sparka fotball inne i stova.

Då brørne var gamle nok til å spela seniorfotball, så var det med pappa som spelande trenar på Sædalen sitt A-lag.

– Det var utruleg kjekt å spela saman med både pappa og Jonas. Sjølv om pappa ikkje var den raskaste, så hadde han rutinen. I 5. divisjon måtte han i spurt ein gong og då fekk han strekk, seier Ulrik og ler.

Ulrik Fredriksen (2)_ Foto Morten Sortland
MÅLTJUV: 18-åringen sette inn sitt andre for kvelden i 4-1 sigeren over Kongsvinger. Foto: Morten Sortland

Til utlandet
Han ser opp til far sin, som hadde ei god karriere med spel både for Brann og Sogndal. Sjølv er ambisjonane å koma så langt som mogleg.

– Eg vil til utlandet. Så no handlar det berre om å få utvikla seg vidare i Sogndal.

Han angrar ikkje eit sekund på at han flytta til saftbygda, etter at Sogndal hadde vist interesse for ungguten.

– Eg spelte for Fyllingsdalen i starten av 2016-sesongen og valde å gjera meg ferdig på 1. året på vidaregåande i Bergen før eg flytta. Pappa var veldig for at eg skulle reisa. Han ville ha meg ut året før, seier Ulrik og strekar under at faren spelte ei stor rolle for at det vart Sogndal.

Ulrik Fredriksen (3)_ Foto Morten Sortland
KRAFTPLUGG: Ulrik Fredriksen er 89 kilo med musklar. Her i duell mot ein Åsane-spelar.

Har tillit
– Planen min har heile vegen vore å spela meg inn på førstelaget. Det har eg gjort, og eg har tillit hjå trenarteamet. Eg føler at Sogndal er den rette klubben for å utvikla meg vidare. I tillegg er fasilitetane her heilt strålande. Det er kort veg mellom alt. 

Sjølv om det enda med nedrykk til 1. divisjon i fjor, er Fredriksen innstilt på at Sogndal skal koma seg raskt tilbake i det gode selskap.

– Det var kjipt med nedrykket. Men eg håpar at me skal rykkja opp att via kvalik eller at me klarar direkte opprykk i år alt. Det har vore ein litt trøblete start på sesongen, men målet er framleis at me skal klara å ta 2.-plassen. 

Læremeister
Han er også glad for at Kjetil Wæhler har gjort sitt andre comeback for Sogndal. 42-åringen vart henta inn for å erstatta Even Hovland, som vart seld til Rosenborg på overgangsvindaugas siste dag.

– Eg lærer utruleg mykje av Kjetil. Eg har studert måten han spelar på og han vinn kvar einaste hovudduell han går inn i. Han er ikkje større enn meg, men uansett så tapar han ikkje ein einaste duell. Samstundes går kjeftamentet heile tida. Eg har sagt det før at det er litt som å spela med pappa igjen.

Fakta

  • Namn: Ulrik Fredriksen

  • Fødselsdato: 17. juni 1999

  • Høgde: 189cm

  • Vekt: 89 kilo

  • Posisjon: Midtstoppar som kan spela midtbane og spiss

  • Frå: Bergen

  • Tidlegare klubbar: Trane, Sædalen og Fyllingsdalen

Annonse fra Obos-ligaen: