Bjørn Helge til Sogndal

Riise er klar til innsats i kvitedrakta

Sogndal Fotball og Bjørn Helge Riise (f. 21/6 1983) er samde om ein avtale som i første omgang strekkjer seg ut sesongen 2018.

Bjørn Helge kjem frå Aalesund FK, og er ein svært erfaren midtbanespelar med mykje rutine.

Vår siste signering var berre ungguten då han gjekk til belgisk fotball og Standard Liège i 2003 og FC Brüssel i 2004. Sunnmøringen reiste so heim til tippeligaespel for Lillestrøm i perioden 2005-2009. Han signerte for Fulham der han fekk erfaring med spel i Premier League og Europa League. Han var også på utlån til Sheffield United og Portsmouth i tida i England. I 2012 returnerte han til Lillestrøm, der han var fram til han drog heim til Ålesund og AaFK i 2015.

Som Lillestrøm-spelar står han bokført med 179 kampar og 19 mål og i Aalesund fekk han 62 kampar i tangotrøya. Han skåra fire mål for moderklubben.

Bjørn Helge har spelt 35 landskampar og skåra eitt mål. Han har i tillegg 16 kampar for det norske U21-landslaget.

- Me fekk vete at Bjørn Helge kunne bli ledig på marknaden, og me valde å sjekka opp moglegheitene for å henta han til Sogndal. Me er veldig glade for at Bjørn Helge blir med oss ut 2018, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Bjørn Helge er veldig profesjonell, og hans erfaring og leiareigneskaper vil vera av stor verdi i vårt unge mannskap, seier Flo.

Me gler oss til å så Bjørn Helge i kvitedrakta! Velkomen til Sogndal!

Annonse fra Obos-ligaen: