Bjørn Inge til Sarpsborg 08

Blir østfolding dei tre neste åra

Bjørn Inge Utvik blir ikkje med oss ned i OBOS-ligaen. Han har i dag signert ein avtale med Eliteserieklubben Sarpsborg 08 som gjer han til østfolding dei neste tre sesongane.

Sportsleg leiar i Sarpsborg 08, Thomas Berntsen, har hatt eit godt auge til Utvik over fleire år. Han er glad Sarpsborg 08 får inn det han meiner er ein haldningssterk og målbevisst midtstoppar i stallen til eit av dei beste laga i landet.

- Utvik er ein ung, men erfaren midtstoppar. Det er imponerande med over 100 kampar på de to øvste nivåene, alderen tatt i betraktning. Han er veldig strukturert og profesjonell i det han gjer, sier Berntsen til heimesidene til Sarpsborg 08.

Bjørn Inge fyller 22 år i februar. Det vil merkast at han reiser frå oss, då han har levert meget bra både på og utanfor bana.

Tøff debut
Det var ikkje småtteri han måtte bryna seg på då han debuterte i Tippeligaen, som høgreback. Me møtte landets då beste lag på eit Gamle Gress i feststemning på 16. mai i 2013. Godsetspelarane var overalt og gav den unge karen frå Haugalandet ein tøff forsmak på det som venta.

8749814165_5d01029f16_o
Bjørn Inge debuterte i Tippeligaen mot Gustav Vikheim og Godset 16. mai 1993

- Det var heilt sjukt, dei dobla på kantane og eg vart småsvimmel der i Drammen, gliser Bjørn Inge. Me tapte 3-1 og han fekk ein god elddåp på det høgste nivået i landet.

Allereie fire dagar seinare ein ny milepæl for unge Utvik – ny bortekamp, denne gong mot gamleklubben Haugesund. Bjørn Inge var tent på å visa seg fram og gjorde sakene sine godt då me vann 1-0. Etter 17 minutt smalt det skikkeleg, då ungguten tråkka til så det sang.

8760891818_48b159e42c_o
Bjørn Inge er klar for sitt første gule kort i Tippeligaen.

- Med familie og vener på tribuna, var det ganske spesielt å få spela mot Haugesund på stadion der heime. Slik har det alltid vore der nede, og stort sett har det gått bra.

Bra har det gått. 103 kampar i kvitedrakta har det blitt, samstundes har han spelt rundt 40 kampar på aldersbestemte landslag.

Smigra
Med eit halvt år igjen av kontrakten, og nedrykk til OBOS-ligaen, var det nok litt forventa at Eliteserie-lag ville kome på bana. Det gjekk nokre rykter om at Haugesund ville ha han heim. Bjørn Inge vart smigra då Sarpsborg 08 kom på bana og ville ha han.

- Sarpsborg 08 er ein klubb som har teke gode steg dei siste åra, og er eitt av dei beste laga i landet. Noko som triggar ekstra er at dei har utvikla eindel gode fotballspelarar, og eg har jo ambisjonar om at eg ein gong skal spela i utlandet. Då er dette ein god plass å vera no, seier den ambisiøse karen.

Bjørn Inge Utvik SarpsborgB 2017 Foto - Rune Sjøberg (3)
Bjørn Inge i kamp mot Sarpsborg 08

Glad i Sogndal
Det er ikkje med lett hjarte at han forlet Saftbygda.

- Eg er veldig glad i Sogndal, både plassen, folka der og klubben. Det er litt trist at dette kapittelet er over, men slik er fotballen. Eg kjem til å sakna miljøet, men vil jo ta turen på besøk, seier Bjørn Inge.

- Bjørn Inge er ein miljøskapar, og han har gått foran som ein leiar for dei unge spelarane og satt ein standard som er forbilledleg, seier sportsleg leiar Håvard Flo. 

- Verdiane og haldningane Bjørn Inge har er noko vi håpar vi fortsatt kan behalda i klubben sjølv om Bjørn Inge no reiser til nye oppgåver.

- Me er glade for at han no får denne sjansen i ein toppklubb som Sarpsborg 08,  og me ynskjer han masse lukke til vidare, avsluttar Flo.

Bjørn Inge er i Sarpsborg no, men han har planar om ein tur til Sogndal i næraste framtid. Me vil då ha eit videointervju med han.

Sogndal Fotball takkar Bjørn Inge for strålande innsats gjennom alle desse åra!

Annonse fra Obos-ligaen: