Bjørnebye har signert!

Midtbanespelaren blir på Fosshaugane ut sesongen 2021

Rosenborg BK og Sogndal Fotball er samde om ein overgang for midtbanespelar Tobias Bjørnebye (f. 9. desember 1998). Tobias har signert ein kontrakt med Sogndal som gjer han til Sogndal-spelar ut sesongen 2021.

Tobias kjem frå ein ikkje ukjent idrettsfamilie. Pappa Stig Inge spelte fotball på høgt nivå både nasjonalt og internasjonalt, og mamma Hege Frøseth var solid mellom stengene på Håndballjentene med sølv i OL som det gjeveste. 

- Tobias har jo litt å leva opp til, han har iallefall genene med seg, smiler trenar Eirik Bakke.

- Me gler oss over at Tobias no kjem til Sogndal, her vil han passa godt inn. Han er ein ung, spennande spelar som me har fulgt godt med på, spesielt no dette året der han spelte for Hødd, held Bakke fram.
 

Tobias og Eirik
Tobias og trenar Eirik Bakke

Den unge midtbanespelaren starta med organisert fotball i Heming i Oslo før han seinare spelte ungdomsfotball for Lyn. Familien flytta til Trondheim, og då vart Tobias ein del av G19 laget til Rosenborg. I sesongane 2017 og 2018 spelte han for Rosenborg sitt 2. lag. Preseason 2019 var med Rosenborg sitt A-lag, og før sesongstart gjekk han til Hødd for utlån ut sesongen. I Ulsteinvik spelte han 21 seriekampar i årets sesong.

- Eg vil seie eg er ein duellsterk spelar, seier Tobias om seg sjølv, og han legg til at han er bra på hovudet og har eit godt blikk for spelet.

- Tobias er ein vinnarskalle, slik far hans var, fortel sportsleg leiar Håvard Flo.

- Det er ein spennande spelar som har gått gradene i Rosenborg-skulen. Me håpar at han vil fortsetja sin fine utvikling her hjå oss og at han blir ein viktig spelar i kvitedrakta.

Tobias gler seg til å bli sogning.

- Det er ei fin gruppe med eit godt miljø, eg har fått eit veldig godt inntrykk. Fasilitetane er heilt topp, så her skal det bli kjekt å vera, avsluttar Tobias Bjørnebye.

Annonse fra Obos-ligaen: