"Badou" er på plass

Offensiv spelar som både kan brukast i ein spissrolle og som kantspelar.

Sogndal Fotball og Alioune «Badou» Ndour ( f 21/10 1997) er samde om ein avtale som strekk seg til 31.12.2021.

Badou er ein offensiv spelar som både kan brukast i ein spissrolle og som kantspelar. Han vert sett på som ein spelar med spennande individuelle ferdighetar, og me ser fram til å følgje utviklinga hans vidare.

Alioune Ndour er frå Dakar i Senegal, og har tidligare vore tilslutta eit ungdomsakademi som heiter Sacre Coeur i den senegalesiske hovudstaden Dakar. Deretter gjekk turen til Dubai, der han spelte for klubben Al Khaleg Club før han kom til Florø før 2017 sesongen.  I Florø spelte «Badou»  37 kampar for klubben i løpet av 2017 og 2018 sesongen.

- Me har følgt med på Badou den tida han vore i Florø. Gjennom dei to siste sesongane har han vist fine prestasjonar og hatt ei fin utvikling. Dette har resultert i at me no ynskjer å hente spelaren hit til Sogndal på permanent basis, fortel sportseleg leiar Håvard Flo.

La Manga 2019 043 Badou  Foto Rune Sjøberg
Badou på prøvespel hjå Sogndal Fotball på La Manga (2019) Foto: Rune Sjøberg

- I Badou ser me ein spelar som har god hurtigheit og spenst. Han er ein type me har forhåpningar om at skal ta steget hjå oss og utvikle seg til ein toppspelar, fortel Flo.

- Heilt sida Gilbert Koomson vart seld til Brann har me vore på utkikk etter ein ei erstattar med dei same kvalitetane som Koomson. Sjølv om Badou er ein litt annan type, både på bana og som person, kan me sjå mange likskapstrekk mellom Badou og ein Koomson for tre-fira år sidan, seier Flo.

- Når det er sagt, så er Badou ein ung spelar som me må ha tolmod med og gje han tid til å utvikla seg. Badou er i første omgang henta inn som ein spennande utviklingsspelar, som me håpar skal utvikla seg til å bli ein veldig god spelar for Sogndal Fotball, seier Flo.

Annonse fra Obos-ligaen: