Bye går til Kristiansund

Bendik held seg i Eliteserien

Sogndal Fotball og Kristiansund Ballklubb er einige om eit sal av Bendik Bye. Bye har i dag signert ein toårskontrakt som binder han til klubben ut sesongen 2019. 

Kristiansund var nyopprykka til Eliteserien i fjor, og kom på ein solid 7.plass i serien.

- Dette var ein utruleg fin moglegheit for meg og eg får no sjansen til å halde fram spel i Eliteserien, fortel Bendik Bye.

- Det er sjølvsagt tungt å reise frå Sogndal. Eg har blitt kjend med mykje fin folk både i klubben og i bygda. Den siste tida no har eg fått fleire meldingar frå Sogndalsupportarar og andre. Det set eg stor pris på, seier Bye.

- Men til sjuande og sist må eg gjera det som er best for meg og mi utvikling. Eg fekk vist litt av det eg kan i fjor, men ikkje nok. Eg har framleis masse å vise på det øvste nivået i Norge, fortel Bye.

Bendik Bye SandefjordH 2017 Foto - Rune Sjøberg

- Når interessen kom opp rundt Bendik så skjønnar me godt at han vil sjå ut denne moglegheita. Me vil takke Bendik for tida han har vore i klubben, fortel sportsleg leiar Håvard Flo. 

Bye kom til Sogndal frå Levanger etter 2016-sesongen. Han spelte 28 kampar og står bokført med seks skåringar i kvitedrakta. 

Bendik debuterte i Eliteserien med assist borte mot Sarpsborg 08. I sin første seriekamp på Fosshaugane skåra han to mål, i 4-1-sigeren mot Stabæk.

Høyr intervjuet etter denne kampen her:


Eit anna minneverdig høgdepunkt var då Sogndal slo Sandefjord på heimebane 4.juni 2016. Det såg ut til å gå mot poengdeling, men innbytar Bye ville ha tre poeng då banka han ballen i mål heile seks minutt på overtid, og vart dermed matchvinnar.

bye
Scoringsglede. Foto: Rune Sjøberg

Me takkar Bendik for innsatsen og ynskjer han all lukke til vidare i karriera.

Annonse fra Obos-ligaen: