Chidi blir ut sesongen

Avtalen med Manchester City er forlenga.

Sogndal Fotball og Manchester City er samde om at låneavtalen på Chidiebere Nwakali blir forlenga ut sesongen 2017.

Chidi slutta seg til klubben då me var på treningsleir på Gran Canaria i vinter.

Den fotrappe playmakeren har brukt litt tid på å bli kjend med klubben og spelestilen, men har blitt stadig meir sentral på lagets midtbane. I dei siste kampane var han svært god, spesielt i den siste kampen mot Aalesund då han blei matchvinnar.

- Me er svært glade for at Chidi blir verande ut sesongen, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Chidi er ein spelar med høgt teknisk nivå, og stor løpskraft. Han har ein god pasningsfot og godt blikk for spelet. Han er ein sentral brikke i mannskapet vårt, seier Flo, som berømmer Manchester City for samarbeidet.

Flo rettar óg ros til trenarteamet vårt.

- Mykje av æra for at me får behalde Chidi, er at City ser at spelaren har hatt ein svært god utvikling, både i samband med kamp og i treningskvardagen. Dette er ei fjør i hatten til trenarane med Eirik Bakke i spissen, avsluttar Flo.

Me ser fram til resten av sesongen med Chidiebere Nwakali på midtbana. 

Annonse fra Obos-ligaen: