Christophe til Tsjekkia

Franskmannen har signert for Baník Ostrava

Christophe Psyché er klar for den tsjekkiske klubben Baník Ostrava. Den solide franskmannen har signert ein kontrakt som går dei neste 2,5 åra.

Baník Ostrava spelar i den øvste ligaen i Tsjekkia. Laget ligg utsett til på tabellen, men får no inn ein kar som toppar Bra Mann-skalaen.

Etter debuten mot Odd i juli 2014 har Christophe spelt 79 kampar og skåra 7 mål i kvitedrakta. Han har vore ein særs lojal og god spelar for oss, ikkje berre på, men også utanfor bana.

Hans beste sesong var i 2016, då han vart kåra til Årets Spelar i Sogn Avis.

Christophe Psychè og Babacar Sarr StartH 2016 Foto - Rune Sjøberg
Christophe jublar etter skåring mot Start i 2016. Ole Amund og Baba er med på feiringa i lag med kompisen.

Christophe fekk 2017 oppstykka av skader. Først kom han seint i gong grunna eit brot i bekkenet, deretter fekk han ein skade i achilles som gjorde at han mista heile haustsesongen, som var den siste i den kontraktsperioden.

Med familien i Belgia og mange år i Norge, låg det litt i korta at han ville reisa etter sesongslutt, men so vart det skrive ny kontrakt for årets sesong i oktober.

Christophe Psyché skade LillestrømH 2017 Foto - Rune Sjøberg
Christophe får eit klapp på skuldera av Bakke. Han har akkurat roke achilles, og resten av 2017 går i vasken for franskmannen.

- Christophe har vore ein lojal og særs god spelar i kvitedrakta, det er difor litt trist at han no reiser frå oss. Samstundes er me veldig glade for at han går til ein klubb i den tsjekkiske toppdivisjonen, der han får sjansen til å utvikla seg vidare som fotballspelar, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Christophe brukte hausten i fjor på å trena seg oppatt etter skaden, og såg frem til ein ny sesong med Sogndal. Då han signerte for eit nytt år i oktober, vart det også avtalt at han skulle få gå om det kom ein større klubb som ville ha tenestene hans. No får han sjansen i ein klubb der alt ligg til rette for at han skal ta nye steg som fotballspelar.

Martin Ramsland og Christope Psychè Sarpsborg08H 2016 Foto - Rune Sjøberg
Christophe vil sakna kompisane her i Sogndal

- Det er trist å reisa frå Sogndal, her har eg hatt det veldig fint, sa ein litt rørt Psyché då han var innom og henta tinga sine tidlegare i veka.

- Eg har vore her lenge no, lenger enn nokon annan plass eg har vore som fotballspelar. Det er ikkje lett å dra herifrå for siste gong. Det er mykje eg vil sakna, seier den veldig sympatiske guten frå Frankrike.

I Tsjekkia får han ikkje berre vera fotballspelar, men han får meir tid i lag med familien. Sambuaren og den vetle dottera blir med.

Me ynskjer Christophe og den vetle familien hans mykje lukke til i Tsjekkia, og takkar for suveren innsats!

Christophe Psychè RosenborgB 2016 Foto - Rune Sjøberg (3)
Bra mann: Christophe Psyché
Annonse fra Obos-ligaen: