Dagens skadesituasjon

Fysioterapeut Trond Vegard Ripe gjev oss ei oppdatering på skadefronten

Me har fått ein tøff start på sesongen, der fire av våre spelarar er ute med langtidsskadar. Bjørn Inge Utvik var uheldig no i Haugesund, i tillegg fekk Ulrik Fredriksen raudt kort og må stå over èin kamp. Slik er dagens skadesituasjon: 

Annonse:

Bjørn Inge Utvik
Utvik pådrog seg eit budd på utsida i ankelen etter å ha landa skeivt på foten. Foten er no gipsa og Utvik restituerer heime i Haugesund. Bjørn Inge er ved godt mot, og er forventa å slutte seg til troppen igjen etter 17.mai.

No venter 6 veker med gips, og endå eit par veker med opptrening før han er å finne att på bana.

Christophe Pysché
Pysché var uheldig i kampen mot Lillestrøm der akilles rauk tidleg i kampen. Han vart operert i førre veke, og er godt i gang med opptreninga. Fysio Trond Vegard Ripe kan fortelle at Christophe er innom to øker for dagen, og fylgjer eit tilpassa treningsopplegg.
Christophe kan forventast tilbake i løpet av 4-6 månader.

Ole Amund Sveen
Sveen har kasta krykkene, og fekk positiv tilbakemelding etter førre røntgenkontroll.
Han er godt i gang med opptreninga, og skal på ny kontroll i neste veke. Ole Amund er aktivt med i treningskvardagen på Fosshaugane Campus.

Kasper Nissen
Trond Ripe kan fortelja at opptreninga til Kasper går strålande. Han var på kontroll på sjukehuset no etter 6 veker, og fekk beskjed om at han låg godt foran skjema. Kasper er og på plass på Fosshaugane to gonger om dagen, og arbeider godt for å komme tilbake på bana.

Resterande tropp er klar for kamp, og me gleder oss til ny spenning laurdag 13. mai då me tek i mot Viking på Fosshaugane.

Kjøp din kampbillett her.

Sogndal – Viking
Laurdag 13.mai kl.18:00
Fosshaugane Campus

Stao no pao!

Annonse fra Obos-ligaen: