Den franske forsvarsspelaren

Bli kjend med Christophe Psyché

Eg starta karrieren som 14-åring, då spelte eg på eit lokalt lag i Frankrike der eg kjem frå. Det er eit veldig, veldig lite lag. Der haldt eg meg i to år. Etter dette spelte eg på mange lag i området. Når eg var 18 år drog eg på eit fotballakademi, eit stort fotballskuleakademi. Nokre av dei største spelarane i Frankrike har gått på dette akademiet.

Etter dette reiste eg tilbake til byen min, og var der i tre år. Då var eg 21 år og spelte for 4., 5., og 6. divisjonslag i området. I 2010 tok eg sjansen og reiste til Noreg. Her starta eg med eitt år for 2.divisjonslag, Oslo City. Seinare venta Løv-Ham. Der møtte eg Tom Mangersnes som jobba for Sogndal. Han var coachen min der. Etter seks månadar reiste eg vidare til Kristiansund, og spelte der 2,5 år, og me rykka opp frå 2.divisjon til OBOS-liga. Så venta Ham-Kam i seks månadar. Så kom Sogndal og henta meg, her har eg vore no i tre år.

Christophe Psychè VikingH 2016 Foto - Rune Sjøberg
Christophe ruvar høgt i lufta. Foto: Rune Sjøberg

Korleis skildrar du deg sjølv som person?

Som person er eg venleg og roleg. Eg er veldig nær familien min, men akkurat no er me ikkje i lag. Det er vanskeleg.  Medan andre spelarar gjerne uttalar at dei byter modus når dei entrar fotballbana, så føler Christophe seg nokså lik. Roleg og venleg på bana, men han likar å sjølvsagt å vinna.

Christophe Psychè StartH 2016 Foto - Rune Sjøberg (3)
Scoringsjubel, heimekamp mot Start i 2016. Foto: Rune Sjøberg

Kva gjer du på utanom fotballen?


Du veit, Sogndal er ei veldig lita bygd, så det er ikkje så mykje å gjere på. Berre trening, to gonger for dagen når eg ikkje er skada. No er eg skada, men eg prøver å trena same mengde. Sjølv om dei no er ein flokk med skada fotballspelarar så har dei ulike skadar. - Me kan vere på gymmen samstundes, men trene på ulike ting, avsluttar Psyché.

Christophe Psyché

  • Alder: 28

  • Vaks opp i: Clermont-Ferrand

  • Posisjon: Forsvar

  • Kampar for Sogndal: 64

  • Draktnummer: 17

Annonse: