Der løsna det!!

Me slo Notodden 4-1 i kveld


Etter nokre tunge veker løsna det skikkeleg i andre omgang mot Notodden.

Telemarkslaget var ufortent i leiinga til pause etter at me hadde sju-åtte store sjansar, Notodden skåra på sin eine.

Etter kvilen stod karane fram og skåra fire gonger. Badou skåra to, Martin Ramsland eitt, og Sigurd Haugen fastsette sluttresultatet til 4-1.

Reporter Ariel Lillestøl snakka med tre glade målskårarar etter kampen.





Eit etterlengta comeback på Fosshaugane! Ole Amund Sveen kom inn i 2. omgang, meir enn to år etter beinbrotet mot Stabæk i 2017. Det er veldig, veldig godt og kjekt å sjå at han endeleg er tilbake.

Beste Rasmus Mo kunne endeleg dra i gong ropet i garderoben etter kampen.


Les om kampen i Sogn Avis

Me snakka med ein glad trenar etter denne viktige sigeren.





Kaptein Lønne Dyngeland etter kampen.

No er det litt restitusjon, så får karane litt påskeferie. Kampen mot HamKam neste helg er som kjent utsatt sidan dei legg nytt dekke på Briskeby, slik at neste kamp er heime mot Raufoss 28. april. Då håpar me at mange kjem, billett får du kjøpt her.

Annonse fra Obos-ligaen: