Reiss Greenidge

Desse har reist

Endringar i spelarstallen

Arbeidet med å gjera oss klare til seriestart er i full gang. På treningsfeltet er det god driv og karane legg ned ein del liter med sveitte. I klubbkontora er det høg aktivitet, også på spelarlogistikk-fronten.

Etter at me avslutta sesongen i fjor har me teke farvel med følgjande spelarar:

Kjetil Wæhler. Kjetil kom attende til Saftbygda då Even Hovland vart selt til Rosenborg. Veteranen spelte 15 kampar i fjor og vart ståande med 34 kampar totalt i kvitetrøya. Me takkar Kjetil for strålande innsats!

Bjørn Helge Riise. Ålesundaren kom til oss i sommarvindauget i fjor og spelte 8 kampar for Sogndal. Ei lang og innhaldsrik fotballkarriere er ved vegs ende og Bjørn Helge har lagt opp som fotballspelar.

Lars Christian Kjemhus. Lars Christian kom til oss som eit friskt pust i mars 2015, og bidrog sterkt til flotte resultat som vart kruna med opprykk same sesong. Lars Christian bidrog med mykje latter og positiv energi både på og utanfor bana, og han spelte tilsaman 88 kampar for oss. 

I fjor haust følte han at tida var no komen der han ville sjå andre moglegheiter for framtida, og me håpar at me får møta den fine guten på fotballbana ein gong i tida som kjem.

Lars Christian
Håvard Flo og alle i Sogndal Fotball takkar Lars Christian for ei fin tid i lag.

Akeem Latifu. Det vart berre eitt år i kvitetrøya for Akeem. Etter 31 kampar ville han vidare i karrieren og er for tida på jakt etter ny klubb. 

Nikita Baranov. Estlandaren kom til oss i fjor sommar frå Kristiansund. Etter 12 kampar for Sogndal reiste han tidlegare i månaden til det bulgarske toppserielaget Beroe Stara Zagora.

Kasper Nissen. Dansken var veldig uheldig her i Sogndal. Han hadde berre vore her nokre veker i 2017 då han rauk korsbandet i kneet. Heile sesongen gjekk med til opptrening, og etter 2 kampar i fjor vår, gjekk han på eit utlån til Levanger, kor han spelte 15 kampar. No skal Kasper få ein ny start hjå våre vener i Florø.

Reiss Greenidge. Den høgreiste engelskmannen blir no sørlending. Reiss har skrive ein kontrakt med Arendal FK i PostNord-ligaen, og blir lagkamerat med Anders Hella. Reiss spelte 22 kampar for oss.

Tusen takk for flott innsats og lukke til vidare!

Annonse fra Obos-ligaen: